Har du lyst på ein meiningsfull jobb i eldreomsorga?
- Arbeidsgiver
- Voss herad Område sør
- Stillingstittel
- Me har ledige stillingar ved Granvin Sjukeheim og heimetenesta
- Frist
- 16.12.2023
- Ansettelsesform
- Engasjement
Beskrivelse
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.
Er du interessert i ei meiningsfull og gjevande jobb i eldreomsorga?
Då har mejobben for deg! Ved Granvin Sjukeheim og heimeteneste er me på jakt etter nye kollegaer til å jobba ilag med oss.
Du vil sjølvsagt få både opplæring og oppfylgjing av flotte kollegaer på arbeidsplassen.
Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, elevar, studentar, assistentar er oppmoda om å søkje.
Stillingane er lagt til helg
Søkjar må vere 18 år. Om søkjar er 16-18 år kan det takast individuelle vurderingar.
Om avdelinga:
Granvin Sjukeheim og heimetenesta er samlokalisert på Eide i Granvin, ca 3mil frå Voss Sentrum. Det er kort veg til både sjø og fjell
Det er 12 bebuarar i institusjon. Det er vekslande mellom langtid, korttid, vekselpleie, avslastning. 20 omsorgsbustadar er tilknytt sjukeheimen.
- Arbeidsoppgåvene er varierte: stell, pleie, omsorg, aktiviteta, tilrettelegging av måltid, og praktisk arbeid
- All samhandling skal utførast med respekt og ha fokus på kva som er viktig for bebuar. Miljøarbeid og personsentrert omsorg er viktig metodikk. Turnusarbeid med helgearbeid.
Me ynskjer:
- Me ynskjer å ha akkurat deg som kollega i våre arbeidsteam i sommar
Me søkjer sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, studentar, elevar og ufaglærte, som ynskjer å jobbe med pasientomsorg til brukarane våre på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet
Me søkjer også deg som kunne tenkja deg å arbeide på natt, eller kombinera turnusarbeid med nattarbeid - Me legg vekt på personlege eigenskapar som godt humør, stå på vilje og samarbeidsevner og gode norskkunnskapar
- Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Me tilbyr:
- Me tilbyr
- E-læringskurs og god opplæring
- Ein spennande, meiningsfull og lærerik jobb
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Varierte arbeidsdagar med arbeid dag, kveld og helg. Og eventuelt på natt
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Eidesvegen 24, 5736 Granvin
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 328969725
- Sist endret
- 17. nov. 2023 07:35