Inaktiv

Lege i spesialisering - Barne- og ungdomspsykiatri

Arbeidsgiver
Døgnseksjon PHBU Ålesund og poliklinikk Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Lege i spesialisering
Frist
01.12.2023
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ønskjer du å bli vår nye kollega?

Vi søkjer deg som ønskjer å lære meir om barne- og ungdomspsykiatri og vere ein del av eit fagleg godt
fellesskap. Vi kan tilby spennande og meningsfulle arbeidsoppgåver i eit
triveleg arbeidsmiljø for deg som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med
ulike psykiske lidelsar. 

I avdelinga vår har vi ledig 100% fast stilling i poliklinikken i Ålesund frå
snarast og 100% vikariat som LIS-lege ved døgnseksjonen i Ålesund.

Vikariatet i døgnseksjonen er ledig frå 05.02.2024 til 31.08.2024, med høve for
fast ansettelse i poliklinikken i etterkant.

Avdeling Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon
med einingar i Molde og Ålesund. Poliklinikken i Ålesund og døgnseksjonen si
eining  i Ålesund er samlokalisert. 
Poliklinikken har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge og familiane deira.
Personalet ved poliklinikken er sett saman av fleire yrkesgrupper og er
organisert i tverrfaglege, geografisk organiserte team. I tillegg har vi eit
småbarnsteam og eit akutt-ambulant team. Vi kan vere fleksible i
forhold til kva team ein vel å arbeide i.

Døgnseksjonen, Akutt- og utgreiingseininga i Ålesund, har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære
plassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal. 

Vi tek imot pasientar med psykiske lidelsar, både til frivilleg innlegging og
til tvungen psykisk helsevern. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der
kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og
individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog). Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten. Ved sidan av ei tverrfagleg
samansett miljøterapeutgruppe, har vi 2 overlegestillingar, 1 stilling for
psykolog/psykologspesialist og 1 stilling for LIS. I arbeidet med observasjon,
utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi,
foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.

Ved poliklinikken tilbyr vi spesifikke behandlingstilbod for psykose (PEF), traumer (TF-CBT), spiseforstyrrelse (FBT), OCD- og angstbehandling innanfor 4-dagers formatet samt gruppebehandling (MBT-basert) for ungdom. Desse er knytta til ressursgrupper i avdelinga vår, der også tilsette  i døgnseksjonen deltek.

Tilsetting vil kunne føre til godkjent og teljande teneste i spesialiteten barne- og ungdomspsykiatri. Avdelinga vil sikre alle delar av
utdanningsvilkåra.

Legen vil kunne delta i lokal og regional LIS-utdanning.

Arbeidsstad er i vakre Ålesund, med flott natur og eit rikt kulturliv. For meir informasjon om Ålesund og omland, sjå https://www.visitalesund.com/  

Vi ber om at ev. attestar/tenestebevis  frå tidlegare arbeidsforhold blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad.

 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering, medisinering og behandling/stabilisering
  • Fagleg utviklingsarbeid
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Legen vil ta del i felles vaktordning med psykisk helsevern for vaksne

Kvalifikasjonar

  • Gjennomført og bestått LIS1-tjeneste, eller turnusteneste etter gammal ordning. Lege før turnus kan bli vurdert.
  • Vi søkjer primært etter deg som ønskjer å bli spesialist i barne- og ungdomspsykiatri, men også andre legar er velkomne til å søkje
  • Legar som spesialiserer seg innan allmennmedisin eller vaksenpsykiatri kan også være aktuelle for stillinga
  • Meistre norsk språk svært godt, både muntleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Evne og vilje til samarbeid og omstilling
  • Gode relasjonelle egenskaper og evner til kommunikasjon, både med pasientar, pårørande og kollegaer, og fremstå som en trygg og kompetent voksen
  • Interesse for fag- og organisasjonsutvikling og forbetringsarbeid
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid
  • Evner som lagspelar, men vere sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
  • Evne til å medvirke til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Inger Ann Berge, Seksjonsleiar Poliklinikk Ålesund, 70167200, Inger.Ann.Berge@helse-mr.no

Beate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar Døgnpost Ålesund, 70106700, beate.olsbo.nilsen@helse-mr.no

Arbeidssted

Geilebergvegen 20

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4733270892

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikariat

Søknadsfrist: 01.12.2023


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Geilebergvegen 20, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Overlege
FINN-kode
329409674
Sist endret
20. nov. 2023 09:21