Inaktiv

Er du ein varm, inkluderande vaksen som er opptatt av å lage næringsrik, smakfull mat til barn frå 0-6 år?

Arbeidsgiver
Blåklokka Barnehage
Stillingstittel
kjøkken-medarbeider
Frist
30.11.2023
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du ein varm, inkluderande vaksen som er opptatt av å lage næringsrik, smakfull mat til barn frå 0-6 år?


I Blåklokka barnehage søker vi etter 80% fast stilling som kjøkken-medarbeidar frå 01.01.2024.


Vi ser etter deg som brenn for å lage eit variert kosthald, som kan gje barna energi til heile dagen. Du må jobbe effektivt sjølvstendig, men og kommunisere godt med gode kollegaer i ein aktiv, humørfylt kvardag.


Barna har med seg matpakke til frukost, vi serverer lunsj og frukt måltid kvar dag. Der er mellom 70 og 80 barn per dag.


Erfaring frå storkjøkken er ein fordel. Kunnskap om å lage gode måltid, ernæring og hygiene er vesentleg. Initiativ til å utvikle eigen rolle vil bli lagt vekt på.


Send søknad eller spørsmål til Rigmor på epost til: kontor.blaklokka@gmail.com


Vi gleder oss til å høyre frå deg, seinast innan 30.11.2023.


Blåklokka Barnehage heldt til på Holme i Alver kommune. Melandsvegen38, 5919 Frekhaug.


Oppdrag krev at du har godkjent politiattest, og at eventuelle andre lovkrav er i samsvar med barnehagelova.


Blåklokka har særskild formålsparagraf. Arbeidstakar forpliktar seg til å arbeide etter barnehagens kristne verdisyn.

Sektor
Privat
Sted
Melandsvegen 38, 5919 Frekhaug
Stillingsfunksjon
Mat og servering, Barnehage / Barnehageassistent, Annet
FINN-kode
329480773
Sist endret
21. nov. 2023 07:05