Inaktiv

Kjøkkenmedarbeidar

Arbeidsgiver
Sveio kommune
Stillingstittel
Kjøkkenmedarbeidar
Frist
10.12.2023
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Sveio Kommune har ca 5500 innbyggarar og ligg tett opp mot Stord i nord og Haugesund i sør. Sveio omsorgssenter er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Sveio omsorgssenter har 3 avdelingar med til saman 42 plassar.   

Kjøkkenet produserer mat til brukarane på huset, dagsenter, samt utlevering av mat til heimebuande 3 ganger i veka. Med så mange brukarar har me mange ulike diettar som utfordrar dagane våre. Kosten me serverer er etter statens ernæringsråd for å sikra brukarane eit variert og sunt kosthald. Kjøkkenet er opptatt av å servere god kost både etter ønskje og behov så langt det lar seg gjere. Stillinga er på kjøkken på dagtid med 3.kvar helg. Stillinga er ledig for tiltreding.

Sjå gjerne på vår Instagramkonto;# SveioOmsorgsenter med mange flotte bilete av kvardagen hjå oss. 



Arbeidsoppgåver

• Forberedning
• Følge opp ik- mat 
• Servering / rydding
• Forefallande arbeid

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå institusjonkjøkken
  • Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar

• Er fleksibel og løysingsorientert
• Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig
• Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus. 

Vi tilbyr

• Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø. 
• Gode høve for fagleg og personleg utvikling. 
• God offentleg pensjonsordning 
• Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. 

Lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Kontaktinformasjon

Camilla Selbak, Einingsleiar Pleie- og omsorg, 951 54 037

May Britt Søvik, Kjøkkensjef, 53 74 82 38

Arbeidsstad

Sveiogata 70

5550 SVEIO

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sveio kommune



Referansenr.: 4734486439

Stillingsprosent: 31%

Fast

Startdato: 01.02.2024

Søknadsfrist: 10.12.2023


Sektor
Offentlig
Sted
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Stillingsfunksjon
Mat og servering, Mat og servering / Kokk, Annet
FINN-kode
329542135
Sist endret
21. nov. 2023 08:20