Inaktiv

Lærar

Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Stillingstittel
Lærar
Frist
03.12.2023
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil du vera med oss og byggje framtidsskulen for alle elevane i Vaksdal? 

Vi er stolte av det gode arbeidet som vert gjort av våre tilsette og ynskjer oss fleire lærarar med på laget. 

På Dale skule treng vi lærarvikar frå snarast og ut skuleåret 23/24. Avhenging av kvalifikasjonar er undervisninga i hovudsak knytt til ungdomstrinnet med kontaktlærarfunksjon. 


Arbeidsstad

Dale skule, på Dale i Vaksdal kommune.


Vi ynskjer å tilsetje stabile, positive, velkvalifiserte og dyktige lærarar som
  • er tydelege klasseleiarar og har evne til å skapa gode relasjonar 
  • set eleven sitt beste i sentrum 
  • vektlegg tilpassa opplæring 
  • har god læreplanforståing og vurderingspraksis 
  • har gode samarbeidsevner 
  • er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar 
  • har godt humør 

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. 

Vi oppmodar menn til å søkja. 

Dei som skal tilsetjast må leggja fram tilfredsstillande politiattest. Desse må leverast snarast etter eventuelt tilbod om tilsetjing og før tiltreding. 


Krav til kompetanse
  • Godkjent undervisningskompetanse (allmennlærar/grunnskulelærar) 
  • God digital kompetanse 
  • Krava til kompetanse på ungdomstrinnet for å undervise i norsk, matematikk og engelsk er 60 studiepoeng. I dei fleste andre fag er kravet 30 studiepoeng. Det er ynskjeleg med lærarar som har brei undervisningskompetanse.  
  • Søkjarar med anna relevant utdanning/erfaring kan ved behov bli vurderte  

Vaksdal kommune kan tilby
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. 
  • Arbeidsplassar kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientert står i fokus 
  • Spanande og utfordrande stillingar 
  • Gode og kvalifiserte fagmiljø 
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Slik søkjer du

Elektronisk søknad. Klikk på "Søk stillinga" og følg vidare instruksjonar. 


Kontaktperson

Direkte til rektor eller til: 

Jill Bru Johansen, Einingsleiar skule
Mobil: 45376534,  jill.johansen@vaksdal.kommune.no 


Sektor
Offentlig
Sted
Lauvgardsvegen 6, 5722 Dalekvam
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
329549093
Sist endret
21. nov. 2023 09:20