Fløgstad skule søkjer
- Arbeidsgiver
- Sauda kommune Flà ¸gstad skule
- Stillingstittel
- Inspektør
- Frist
- 12.12.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Fløgstad skule er ein barneskule med elevar frå 1. – 7. trinn. Fløgstad skule har ca 150 elevar.
Som ein del av laget for å styra og leia skulane, søkjer me etter ein inspektør som er utviklingsorientert og strukturert, god på samarbeid og relasjonsbygging, og har målet om eit inkluderande fellesskap for alle, som overordna rettesnor for alt arbeid som blir gjort.
Inspektørstilling er 100 % fast, og blir fordelt mellom inspektøroppgåver og undervisning/andre oppgåver. Ved Fløgstad skule utgjer inspektørstillinga 20 % i tillegg er det pr. i dag 10% som knytta opp mot elevar med særskild norskopplæring.
Ved intern tilsetting kan det bli ledig lærarstilling.
Arbeids- og ansvarsområde
- Vikaransvar
- Daglig drift og undervisning
- Timeplanlegging i samarbeid med leiargruppa
- Oppfølging av pedagogisk og psykososialt arbeid
- Pedagogisk leiing og utviklingsleiing i samarbeid med rektor
- Oppfølging av elevar med særskild norskopplæring
Krav til kompetanse:
- Godkjent pedagogisk kompetanse
- Godkjent undervisningskompetanse for barnetrinnet
- Gode IKT- dugleikar
- God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg
Personlege dugleikar vil bli vektlagt
Me søkjer etter personar som
- er god til å byggja lag/kan relasjonell leiing.
- vågar å tenke nytt når det me gjer ikkje fungerer.
- har mot og evne til å styra og leia.
- er fleksibel, strukturert og effektiv i ein hektisk kvardag
Me kan tilby
Ein spanande og variert jobb
Pensjonsordning i SPK/KLP
Gode forsikringsordningar
Tilsettingvilkår
Den som blir tilsett vil vere underlagt dei løns- og arbeidsvilkår som går fram av gjeldande lovar, forskrifter og avtalar, samt lokale avtalar, reglement og retningslinjer for Sauda kommune. Ved tilsetting vil vi krevje godkjent politiattest.
Søknad
Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me tilrår derfor alle å søkja via vårt elektroniske søknadssystem. Det er ikkje mogleg å leggja ved vitnemål, attestar og liknande. Dette blir tatt med til intervju.
Om du har behov for hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønnskontoret på mail til lonn@sauda.kommune.no eller på telefon 52 78 62 09 / 52 78 62 03.
Velkommen som søkjar.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Rà ¥dhusgata 32, 4200 Sauda
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Ledelse
- FINN-kode
- 329597375
- Sist endret
- 21. nov. 2023 03:05