Vil du vera lærling i helsearbeidarfaget i Etne kommune?

Arbeidsgiver
Etne kommune Helse
Stillingstittel
Lærling helsefagarbeidar, 100%
Frist
31.03.2025
Ansettelsesform
Lærling

Beskrivelse

Etne kommune legg vekt på kvalitet i kvardagen til det beste for alle som jobbar og bur i kommunen. Etne kommune har rundt 400 tilsette i kommunen, og har verdiane trygg, raus og engasjert med oss i arbeidet. Me satsar på læringar og du vil møta ein kommune som set pris på deg og ditt bidrag i den jobben du har som lærling i kommunen. Å vera lærling betyr at du utdannar deg til eit yrke ved å jobba i ei bedrift. I Etne kommune får du både opplæring og praksis i faget. Me gler oss til å få deg med på laget!

Arbeidsoppgåver:

Me søkjer deg som:

  • Er påliteleg, lærevillig og fagleg interessert
  • Er lojal og ærleg
  • Tar initiativ
  • Er glad i å ta i eit tak og har godt humør
Me tilbyr:
  • Ein god læringsarena med høg fagkompetanse som ønskjer lærlingar
  • Varierte og lærerike arbeidsoppgåver etter læreplanen
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Fast rettleiing av dyktige instruktørar
  • God oppfølging i det daglege
Annan informasjon

Lærlingar i helsearbeidarfaget skal leggja fram godkjend politiattest før oppstart. 

Lærlingar i helsearbeidarfag skal og leggja fram godkjend dokumentasjon på negativ tuberkuloseundersøking før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjonen. Lærling i helsearbeidarfag må i tillegg leggja fram dokumentasjon på negativ MRSA-test.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Sjoarvegen 2, 5590 Etne
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
332530591
Sist endret
17. jan. 2025 11:51