Vi søkjer overlege 

Arbeidsgiver
Avdeling psykisk helsevern Valen sjukehus
Stillingstittel
Overlege
Frist
01.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Valen sjukehus ligg under Klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna. Ved sjukehuset er det 4 døgnpostar og ein poliklinikk; Akuttpost, Psykosepost, Sikkerhetspost, Sikker/rehabilitering og eit ambulant sikkerhetsteam (AST). Faggruppa omfattar overlege med spesialitet i psykiatri, psykologspesialist , lis.lege, sosionom,  psykiatriske sjukepleiarar, aktivitør og miljøpersonell. 

Spesialisert behandling Valen sjukehus har ledig 100% overlegestilling.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og testing
  • Behandling og oppfølging av pasientar
  • Vedtaksansvarleg for pasientar på tvunge psykisk hesevern og dom til behandling
  • Vere del av det tverrfaglege behandlingsteamet på posten
  • Inngår i bakvaktssystem for legar.
  • Rettleie legar i spesialisering
  • Rettleiing av studentar og anna helsepesonell

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon.
  • Godkjent spesialist i psykiatri.
  • Kunnskap til EPJ med både DIPS og Meona
  • Vedtakserfaring
  • LiS som er nær spesialisering kan tas i betrakning
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Utdanningsretning

  • Psykologi

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert og engasjert
  • Tålmodig og evne til å knytte relasjon
  • Høg grad av etisk- og fagleg ansvarsbevissthet
  • Fleksibel og gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med gode mogleheiter til å få bruke seg sjølv fagleg gjennom varierte og utfordrande kliniske problemstillingar.
    Helse Fonna ynskjer å legge til rette for høg fagleg standard og  kompetanseutvikling  for den enkelte tilsette. Som overlege tilsett i Helse Fonna har ein eit fast  kursbudsjett for vedlikehald av spesialiteten. 

    Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    Gode pensjons- og forsikringsordningar

    Valen sjukehus ligg i naturvakre Sunnhordland/Hardanger med fjord og fjell og rikeleg moglegheiter for frilufstliv både på sjø og fjell. Velferdslaget har hytter som tilsette kan nytte. Gode oppvekstvilkår for barn med skule og barnehage . Regionssenteret  Husnes ligg like i nærleiken  med service og handlesenter.  Regionen kan i sommarhalvåret  by på eit rikt kulturtilbod med Baroniet i Rosendal i nærområdet.

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Marianne Lund Anderssen, Avdelingsleiar, (+47) 53466407

Tone G Henriksen, Avdelingsoverlege, 53466400

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 15

5451 Valen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4543201835

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 15, 5451 Valen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Psykiater
FINN-kode
334640351
Sist endret
04. nov. 2024 06:57