Sommarjobb innan helse og omsorg
- Arbeidsgiver
- Øystre Slidre kommune
- Stillingstittel
- Sommarjobb innan helse og omsorg
- Frist
- 01.05.2024
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
I samband med ferieavvikling sommaren 2024 er det behov for vikar ved:
- Helsetunet, institusjonstenester; i pleie og på kjøkken
- Helsetunet, avd. førebygging og meistring (heimesjukepleia og kortids- og rehab. avd)
- Tilrettelagte tenester; tilrettelagt bustad
- Legekontoret
- Stogovakter på Helsetunet. Passar for ungdom frå 15 år, og oppgåvene er sosiale aktivitetar saman med bebuarane
- Ergo- og fysioterapeuttenesta
Vi har i hovudsak behov for vikarar i vekene 25-33. Om du jobbar minimum 80% i seks veker mellom veke 25 og veke 33, får du ein bonus på 5 000 kr i tillegg til vanleg løn. Vi kan tilrettelegge turnus, slik at dei som ønskjer kan jobbe innan fleire tenesteområde (t.d. legekontor/helsetun eller legekontor/tilrettelagte tenester). Søkjar må i søknaden spesifisere ynskje om arbeidsområde (ev. prioritet), tidsrom og stillingsstorleik. Det vil kunne vera behov for vikarar også utanom sumarferien.
Søknader vil bli vurdert fortløpande, og vi tek kontakt i aktuelle tilfeller
Velkomen til Øystre Slidre!
Arbeidsoppgåver
Delta i daglege oppgåver på dei ulike tenestestadane.
Stillingane på helsetunet, heimeteneste og i tilrettelagte tenester er i turnus med moglegheit for arbeid dag, kveld og natt.
Øystre Slidre kommune har nytt helsetun med institusjonsplassar og bustadar med heildøgns bemanning. Bygget er eit moderne bygg som gir deg gode mogleheiter til å bli kjent med bruk av velferdsteknologi i det daglege arbeidet. Helsetunet er også base for heimetenesta som yter bistand til heimebuande i kommunen.
Tilrettelagte tenester yter tenester til personar med nedsett funksjonsevne i eigen bustad og i eigen barneavlastning, samt aktivitetstilbod.
Legetenesta er del av helseavdelinga og held til i helsehuset på Heggenes. Tenesta yter fastlegetenester og bistår og samarbeidar med dei andre kommunale helsetenestene.
Ergo- og fysioterapeuttenesta held til på helsetunet og har arbeid på dagtid
Kvalifikasjonar
- Utdanning som sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, lege, bioingeniør, ergoterapeut, fysioterapeut. Norsk autorisasjon.
- Studentar innan helse- og omsorgsfag
- Andre med interesse for og/eller erfaring frå helse- og omsorgsfag
- Kjøkkenet søkjer kokk eller kokkemedarbeidar. Gjerne med fagbrev, men ikkje eit krav
- Du må levere politiattest før oppstart.
- Du bør ha førarkort for bil for å kunne arbeide i Førebygging og meistring (heimetenesta) eller i Tilrettelagte tenester
- Stogovakter må vere minst 15 år
Personlege eigenskapar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Sjølvstendig, fleksibel, positiv, løysningsorientert, gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- God opplæring og veiledning, opplæring i fagsystem
- Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar med fokus på gode opplevingar for pasient, pårørande og kolleger
- Det kan vere moglegheit for arbeid både før og etter sommarferieperioden
- Gode turmoglegheiter. Vi kan garantere deg unike naturopplevingar
- Godt utval av festivalar og moglegheit for kulturopplevingar
- Vi kan bistå med å finne ein stad å bu
Kontaktinformasjon
Gina Kvale Myreng, Tenesteleiar førebygging og meistring, 90525192Per Bo Svensson, Tenesteleiar helse og tilrettelagte tenester, 92666185
Ingrid Nordli, Tenesteleiar institusjonstenester, +47 95940309
Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4754139304
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 01.05.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 10
- Sted
- Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- FINN-kode
- 337688763
- Sist endret
- 06. mars 2024 02:15