Vi søker ny fastlege. Vil du ha muligheita til å kombinere jobb og eit aktivt friluftsliv - ja då er denne Stranda rette

Arbeidsgiver
Stranda kommune
Stillingstittel
Ledig fastlege/ALIS
Frist
31.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Det er ledig 1 fast stilling som fastlege/ALIS

Listetak er pr. i dag 750 for spesialistar i allmennmedisin og 600 for ALIS.
Legestillinga er fastløna.
Vi ynskje spesialist i allmennmedisin eller nyutdanna lege under spesialisering (ALIS).
Stranda legekontor har i dag 7 fastlegeheimlar og ein LIS1-stilling.
Legekontoret nyttar journalsystemet Hove total (skybasert pasientsystem).


Kvifor velge oss:

  • Ein triveleg arbeidsplass med erfarne legar og stabilt og velutdanna hjelpepersonell
  • Ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • Regelmessig internundervisning
  • Kontoret har kultur for "opa dør"-prinsipp for rettleiing
  • God fastløn og 15 % omsetningsløn
  • Normal arbeidstid: 37,5 timar pr. veke
  • Det er lagt til rette for heimekontor
  • Kommunen dekkjer kursutgifter / oppretthalding av spesialisering, som ikkje blir dekka av utdanningsfond II
  • Til stillinga er det offentleg legearbeid med inntil 7,5 timar pr. veke
  • Kommunen er godkjent utdanningsverksemd
  • Vi tilbyr ALIS-avtale og tilrettelegging for spesialisering innan allmennmedisin
  • Ved ALIS-avtale tilbyr vi erfarne rettleiarar
  • Interkommunal legevaktordning med 3 fast tilsette legevaktslegar. Fastlege deltek i vakt primært laurdag og søndag 08:00-16:00 pr. no i 10-delt turnus, legevakta er fastløna
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Kvalifikasjonar

  • Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege
  • Søkjarar må kunne uttrykke seg godt på norsk, munnleg og skriftleg
  • Førarkort for personbil

Personlege eigenskapar

  • Tålmodig, trygg og roleg, omgjengeleg og serviceinnstilt
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Fleksibel
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.

Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort.

Kontaktinformasjon

Josefine Gjerde, Einingsleiar helsetenesta, +47 46411089

Inge Settemsdal, Fastlege, 46411094

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune



Referansenr.: 4759490095

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 31.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Øyna 13, 6200 Stranda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Allmennmedisin
FINN-kode
337700780
Sist endret
09. juli 2024 09:41