Ulstein Power & Control søker Bid Manager

Arbeidsgiver
ULSTEIN
Stillingstittel
Bid Manager
Frist
12.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ulstein Power & Control arbeider med fleire innovative grøne løysingar og system innan power og automasjon. Vi har ein langsiktig horisont med fleire signerte kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag, og gler oss over mykje aktivitet.

Vi er på jakt etter en Bid Manager som ønsker å bidra til å vidareutvikle salsavdelinga i selskapet, og du vert ein del av eit framoverlent og dyktig team. Stillinga rapporterer til Sales Manager.



Ansvar og arbeidsoppgåver

Som Bid Manager vil du få eit ansvar for å leie og organisere kalkulasjonsarbeidet. Stillinga har ein viktig funksjon i selskapet, der du vil ha direkte kontakt med eksterne kundar og leverandørar. I salsfasen er du bindeleddet mellom sal, teknisk og juridisk avdeling, og du vert ein aktiv medspelar i arbeidet med utviklinga av framtidig produktportefølje.

Andre relevante arbeidsoppgåver er å

  • utarbeide kalkylar og kvalitetssikre kostnader gjennom salsprosessen
  • utarbeide salsdokumentasjon og kontraktsforslag
  • delta i forhandlingar med kundar og leverandørar
  • foreta "handover" til organisasjonen etter kontraktsignering

Ønska kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vi ønsker å komme i kontakt med deg som har erfaring og bakgrunn innan elektro. Du har ein god forståing og interesse for skips elektrosystem, og brenn for kontinuerlig forbetring og å finne dei gode løysingane.

Videre ser vi for oss at du

  • ser moglegheiter for forbetringar av eksisterande prosessar og rutinar
  • er resultatorientert og trivst med lagarbeid for å nå felles mål
  • er strukturert, fremoverlent og nysgjerrig

Ulstein tilbyr

  • Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
  • Eit fagmiljø som vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
  • Konkurransedyktige lønnsvilkår, ordna arbeidsforhold, god pensjonsordning og gode forsikringsordningar.

Arbeidsstad vil vera ved kontoret vårt i Ulsteinvik. Vi tilbyr god fleksibilitet og har også eit kontor i Breivika, Ålesund, som kan nyttast.

Søknadsfrist: 12. august 2024 – søknader blir fortløpande vurderte

For meir informasjon, ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgiverne

  • Tonje Lavik Hansen, tlf. 902 46 867,
  • Marita Stakkestad Hanstveit, tlf. 452 53 909,
  • Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200

Vis di interesse for stillinga ved å registrere CV-en og søknaden din snarast. Attestar og vitnemål blir vedlagde søknad. Alle førespurnader blir behandla konfidensielt – også overfor oppdragsgivar i innleiande fase dersom det er ønskeleg.

Kontaktinformasjon

Tonje Lavik Hansen, Research & analyse, 902 46 867, tlh@hamnoy.no

Marita Stakkestad Hanstveit, Research & analyse, 452 53 909, msh@hamnoy.no

Jan Tore Hamnøy, Rådgiver, +47 411 02 200, jth@hamnoy.no

Arbeidssted

Osnesvegen 110

6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: ULSTEIN



Referansenr.: 4763987096

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 12.08.2024


Sektor
Privat
Sted
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse, Salg, Salg / Teknisk salg
FINN-kode
339027035
Sist endret
27. juni 2024 06:28