Inaktiv

Vil du ha ein lærerik jobb på sjukehuset og få stipend i tillegg?

Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Stillingstittel
3. års sjukepleiestudent Valen
Frist
31.03.2024

Beskrivelse

Det er svært lærerikt å jobbe i sjukehus, og du får med deg verdifull erfaring undervegs i studiet


Er du 3. års sjukepleiarstudent kan du frå våren 2024 inngå avtale med Helse Fonna HF der du får eit stipend på kroner 20.000 (skattepliktig). Stipendet får du dersom du inngår kontrakt på å arbeide minimum 7 helger frå våren 2024 til august 2024, samt 5 veker i sommarperioden 2024. To av dei 7 helgene skal inngå i sommarperioden. Stipendet blir utbetalt i månadlege rater.
Skriv i søknaden kva avdeling du helst vil jobbe ved og kva praksisplassar du har hatt i løpet av studietida. 
Annonsa gjeld Kirurgisk klinikk, Medisinsk klinikk og Klinikk for psykisk helsevern

Kvalifiserte søkjarar blir tilsett fortløpande.



Arbeidsoppgåver

  • Delta i behandling og pleie av pasientar
  • Du vil vera ein del av det tverrfaglege teamet og arbeidsfellesskapet i einingane
  • Akuttpsykiatri, sikkerhetspsykiatri og psykosebehandling hvor samarbeid mellom spesialisthelsetjenesten og kommunehelsetjenesten er sentralt 

Kvalifikasjonar

  • Du er 3.års sjukepleiarstudent
  • Studentbekreftelse må foreligge ved oppstart
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Personlege eigenskapar

  • Du har eit godt lag med folk
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du held roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer 

Vi tilbyr

  • Vi gir deg ein unik moglegheit til å praktisere faget ditt i eit trygt miljø der du er omgitt av dyktige fagpersonar døgnet rundt.
  • Vi gir deg eit godt innblikk i spesialisthelsetenesta, noko som er nyttig uansett kor du vel å arbeide i framtida.
  • Vi medverkar til at du får utvikle breidda i sjukepleiarfaget i eit spennande, utviklande og dynamisk miljø.

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Ingunn Grønnestad, Konsulent HR, 52732003, ingunn.gronnestad@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26

5451 Valen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4764100748

Stillingsprosent: 20%

Anna

Søknadsfrist: 31.03.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 26, 5451 Valen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
339115290
Sist endret
28. feb. 2024 03:56