Lærerstillingar for skuleåret 2024/2025 - fast/vikar
- Arbeidsgiver
- Skulane i Midt-Telemark
- Stillingstittel
- Lærer - fast/vikar
- Frist
- 26.02.2024
Beskrivelse
Lærarar med hjarte for alle og blikk for den enkelte.
Vi søkjer etter deg som er fagleg dyktig, lærevillig og som har elevars læring og utvikling i fokus.
Vi søkjer fagleg dyktige og engasjeret lærerar som ønskjer å vere bidragsytarar i skulens profesjonelle læringsfellesskap.
Utlysinga gjeld faste stillingar og vikariat for skuleåret 2024/2025.
Midt-Telemark har ca. 1400 elevar, fordelt på fleire skular.
Skulane i Midt-Telemark jobbar utviklingsretta og er med på satsingane frå Udir. Skulane har fokus på skuleutvikling innanfor områda inkluderande læringsmiljø og utforskande læring i samarbeid med USN.
SKI læringssenter jobbar med skuleutvikling i samarbeid med NAFO på tvers av vaksenopplæringane i Telemark. Læringssenteret har fokus på fleirspråklegheit som ressurs, arbeid med nye læreplanar i norsk for vaksne innvandrar og modulbasert grunnskoleopplæring for vaksne. Vi har dyktige tilsette i kommunen som kvar dag gjer ein stor jobb for at elevane skal ha eit trygt og godt skulemiljø. Det er tett samarbeid mellom grunnskulane og PPT med kontaktordning på kvar skule.
Spesifiser under spørsmål kva for skule du søkjer på.
Har du spørsmål, kan du ta kontakt med rektor på aktuell skule du ønskjer å søke på.
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Godkjent grunnskulelærarutdanning; 1. - 7. trinn og 5. - 10. trinn. (ikkje krav på SKI læringssenter)
- Primært søkjer vi lærerar med godkjent antall studiepoeng i basisfaga (norsk, matematikk og engelsk) for trinna dei skal undervise i.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Ved tilsetting vektelggast kvalifikasjonsprinsippet, det vil si; utdanning, praksis og personleg eigna.
Ønska kompetanse
- Vi ønskjer søkjarar med kompetanse i følgande fag; naturfag, tysk, kroppsøving, friluftsliv, musikk, profesjonsfagleg digital kompetanse og norsk som andrespråk
- Vi ønskjer lærarar som kan ta på seg rolla som kontaktlærar
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 10-9. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som
- er positiv og har rause haldningar
- gjennom gode samarbeidsevner vil vere med å utvikle skulen
- er tydeleg på klasseleiing
- har evne til å skape eit godt læringsmiljø
- evnar til å bygge gode relasjonar med elevane, foresatte, kollegear og eksterne samarbeidspartnarar
- er fleksibel i skulekvardagen
- likar utfordringar
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Engasjerte medarbeidarar
- Utfordrande arbeidsoppgåver i eit inkluderande og positivt miljø
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Ruth Olaug Tellnes, Rektor Bø skule, 99022024Nils Rune Midtbøen, Rektor Bø ungdomsskule, 90874148
Venke Raundalen, Konst. rektor Folkestad skule, 92251459
Arnhild Gjessing, Avdelingsleiar - læringssenter, 90295651
Tone-Sissel Kise, Einingsleiar - Senter for kvalifisering og inkludering, 97750859
Tine Kvilekval, Rektor Gvarv skole, 41311050
Arbeidsstad
Eikavegen 613804 Bø i Telemark
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 4754580087
Søknadsfrist: 26.02.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Eikavegen 61, 3804 Bø i Telemark
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 339144580
- Sist endret
- 06. feb. 2024 07:05