Inaktiv

Sjukepleiar 100% fast stilling

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Heimetenester nord
Frist
25.02.2024

Beskrivelse

Kvinnherad kommune er eit Noreg i miniatyr. Vi er omgitt av mektige fjell og idyllisk skjergard, og for deg som likar friluftsliv er dette ein god stad å leva. Kommunen byr på eit spanande næringsliv. Kulturlivet er mangfaldig; festivalar med tema innanfor mellom anna kammermusikk, rock, mytologi og fiske. Kvinnherad er eit samfunn med trivelege bygder som gjev gode og trygge oppvekstvilkår. Vi har kring 13 100 fastbuande i kommunen. Husnes er regionssenter med vidaregåande skule og handelssenter. Rosendal er turistbygda med administrasjonssenter og Noregs einaste baroni. Kommunen grensar til Hardanger og ligg i idylliske Sunnhordland, med Haugesund og Bergen som nærmaste byar.

 

Eininga har fokus på fag og fagutvikling. Eininga starta opp med årsplan og langvakter på helg i 2024.

Bufellesskap i tillegg til ordinær heimeteneste, dagsenterdrift.

 

Heimetenester Nord søkjer sjukepleiar i 100 % fast stilling. 

Tilsetjing: 15.04.24

Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg.

 

Arbeidsoppgåver

  • Utøve direkte sjukepleie til pasientar
  • Medverke til at sjukepleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet
  • Tilrettelegge for å nytte velferdsteknologiske løysningar
  • Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningslinjer og prosedyrar
  • Ha sjukepleiefagleg ansvar i gruppa og på andre grupper når det er behov for det
  • Jobbe tverrfagleg med ulike profesjonar
  • Medverke til god informasjonsflyt
  • Pliktar å halde seg oppdatert innan sitt eige fagfelt og delta i aktuelle møter og opplæringstiltak
  • Rettleie pasientar/pårørande og andre tilsette, studentar og elevar
  • Medverke til eit godt samarbeidsmiljø

 Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med nokre års erfaring.
  • Studentar som går siste året på sjukepleiarutdanning vert og oppmoda til å søkja. Ein føresetnad for fast arbeid er autorisert sjukepleiar til våren. 
  • Relevant arbeidserfaring.
  • Gode IT-kunnskapar.
  • Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning; om ein ikkje får kvalifisert søkjar kan ein vurdera helsefagarbeidar til stillinga, då i eit vikariat.

 Personlege eigenskaper

  • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
  • Ha evne til samhandle og arbeide tverrfagleg
  • Likar utfordringar og er løysingsorientert
  • Kan møte menneske i ulike livssituasjonar med ulike behov, på ein verdig og respektfull måte
  • Handtere tidvis travle periodar og høgt tempo. Du må vera fleksibel og endringsvillig.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

 Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.

Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.

Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.

 Det er elektronisk søknad:

Eksisterande brukar
Er du allereie registrert i systemet, logger du inn med brukarnamn og passord. Om du ikkje huskar påloggingsinformasjonen din, trykker du på Gløymd passord under Logg inn med passord.

Ny brukar
Om du ikkje er registrert i EasyCruit tidlegare, opprettar du brukar ved å velja Ny brukar.

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
339399673
Sist endret
08. feb. 2024 07:06