Inaktiv

Lærar inntil 100% vikariat frå 01.08.24 - 31.07.25

Arbeidsgiver
Edland Skule
Stillingstittel
Lærer
Frist
26.02.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Edland skule har ledig inntil 100% vikariat som lærar frå 01.08.2024 - 31.07.2025


Alle fag og trinn i barneskulen / ungdomsskulen er aktuelle, men det er særleg trong for fylgjande fagkompetanse:


Basisfag, musikk og kroppsøving.


Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, utdanning og erfaring ved tilsetjing.


Arbeidsoppgåver


  • Planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med LK20
  • Skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane med god klasseleiing
  • Delta i og bidra til lærande fellesskap ved skulane
  • Delta i tverrfagleg samarbeid
  • Vera ein trygg og god vaksenperson i møte med elevar og andre vaksne
  • Kontaktlærarfunksjon og andre funksjonar i skulen kan bli lagt til jobben

Kvalifikasjonar


  • Godkjend lærarutdanning 1.-7. trinn og 5.-10. trinn ift. opplæringslova
  • God fag- / metode- / relasjonskompetanse
  • Gode digitale ferdigheiter og kunnskap om pedagogisk bruk av IKT
  • Gode skriftlege nynorskferdigheiter

Personlege eigenskapar


  • Du er ein trygg, raus og tydeleg klasseleiar
  • Du tek initiativ til nye arbeidsmåtar
  • Du har fokus på elevane sine moglegheiter for læring
  • Du er fleksibel, omstillingsdyktig og finn løysingar
  • Du er strukturert og overheld tidsfristar
  • Du kommuniserer godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Du tek ansvar og er profesjonell
  • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er engasjert i leik og samhandling med barn

Me tilbyr


  • Flotte og engasjerte elevar frå alle verdshjørne
  • Eit engasjert elevråd
  • Kantine med gratis skulemat for elevar og hyggeleg pris for tilsette
  • Ein interessant og utviklande jobb i eit godt og fagleg arbeidsmiljø
  • Kontaktlærar har eit tillegg på kr. 42.000 pr. år for 1.-4. trinn / kr. 30000 pr. år for 5.-10. trinn
  • Nyutdanna lærarar får rettleiing
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Generell informasjon


  • Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få tilsetjing
  • Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månader og skal ikkje leverast med søknaden
  • I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova §25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å blir ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til fylgje, vert søkjaren varsla om dette
  • Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Vinje kommune ynskjer å inkludere og leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne
  • Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i samband med intervjuet. Me planlegg å ha intervju i løpet av vekene 9 - 12
  • Skulle det bli ledig fleire lærar- / fagarbeidar- / assistentstillingar i kommunen (vikariat, mellombelse eller faste) fram mot 01.08.24 vil ein vurdere å tilsetje etter same søkjarliste
  • Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.vinje.kommune.no

Søknadsfrist: 26.02.24

Sektor
Offentlig
Sted
Storegutvegen 48, 3895 Edland
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
339515206
Sist endret
14. feb. 2024 07:36