Inaktiv

Sjukepleiar/ sjukepleiarstudentar

Arbeidsgiver
Onkologisk post Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar/ sjukepleiarstudentar
Frist
29.02.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Velkomen som søkar til Sengepost for kreft og blodsjukdommar i Kreftavdelinga, Ålesund sjukehus.

Sengepost for kreft og blodsjukdommar er arbeidsplassen for deg som ønsker å utvikle deg som fagperson og menneske. Vi arbeidar i eit svært spennande og givande fagområde kor det er stor moglegheit for å fordjupe seg i heilhetleg sjukepleie og ulike medisinske tilstandar.
Dette er ein sengepost med 20 sengeplassar som inneheld fagområde onkologi, palliasjon og hematologi. I avdelinga finn ein mange dyktige medarbeidarar, og vi har eit trygt og godt arbeidsmiljø. Vi tilbyr god opplæring med ein erfaren sjukepleiar.

Sjukepleiarstudent: Vi har ledige 13% stilling med arbeid kvar tredje helg.

Sjukepleiar/spesialsjukepleiar: Vi har ledig 50% fast stilling på natt og 100% fast stilling på dag/kveld med tilsetting etter avtale. Stillinga inneber arbeid kvar tredje helg. Intern omrokkering kan gi andre ledige stillingar.

Vi oppmodar studentar som mottar autorisasjon som sjukepleier sommaren 2024 også om å søke. Tilsetting etter avtale.

Spesiell invitasjon til interesserte:

Vi inviterer interesserte til eit informasjonsmøte med omvisning 27.2 kl 18. Oppmøte i 1 etasje på kreftbygget. Påmelding til Liv.Bodil.Angvik.Ipsen@helse-mr.no



Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar i sengeposten har du ansvar for å yte avansert sjukepleie til kreftpasientar i alle fasar av sin sjukdom. Eksempel på dette er pasientar som får medikamentell kreftbehandling, strålebehandling og palliativ behandling. Ein jobbar heilheitleg og tverrfagleg i forhold til behandling, symptomlindring, informasjon, koordinering av tenestar, omsorg og støtte

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjendt autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning innan onkologi, palliasjon eller annan relevant vidareutdanning kan vere ein fordel
  • Siste års sjukepleiestudentar kan også bli vurdert
  • God norsk, munnleg og skriftleg
  • God IKT-kompetanse
  • Interesse for arbeid knytta til pasientsikkerheit og forbetringsarbeid

Personlege eigenskapar

Personleg eignaheit blir vektlagt

  • Du er pasientorientert og framtidsrettet
  • Du viser fagleg engasjement i ditt arbeid
  • Du er fleksibel, initiativrik og endringsvillig
  • Du arbeider strukturert, er ryddig og nøyaktig
  • Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø og har god evne til samarbeid

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass 
  • Medvirkning i utarbeidelse av din turnus
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Liv Bodil Angvik Ipsen, Seksjonsleiar, +47 70106985, Liv.Bodil.Angvik.Ipsen@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4766120935

Stillingsprosent: 100, 50, 13%

Fast, Vikariat

Søknadsfrist: 29.02.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
339567018
Sist endret
28. feb. 2024 03:00