Helsefagarbeider ved Svingen og Reini bufellesskap
- Arbeidsgiver
- Vinje Kommune Svingen og Reini bufellesskap
- Stillingstittel
- Helsefagarbeider
- Frist
- 03.03.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Svingen og Reini bufellesskap er moderne bufellesskap, med høvesvis 11 og 4 leilegheiter, fellesareal inne og ute. Me yter tilrettelagte tenestar til menneske med ulike funksjonshemmingar i alle aldrar, med ulik trong for hjelp. Her har den einskilde vedtak på tenester, og arbeidet vårt er å hjelpe den enkelte i ulike daglegdagse gjeremål. Det betyr alt frå pleie og omsorg, veiledning, til å bli med på ulike aktivitetar. I tenesta vår samarbeider me med fleire ulike instansar, spesialisthelsetenesta, tverrfagleg helseteneste i kommunen og ulike arbeidstiltak.
Me har eit godt arbeidsmiljø, me er ein glad gjeng som hjelper og støttar kvarandre, og me arbeider kontinuerleg for å ha eit breitt fagleg fokus og halde oss oppdaterte for å yte gode tilbod til bebuarane.
Me legg vekt på endrings- og utviklingsarbeid med fokus på kompetanse, tverrfagleg samarbeid, og på å ta i bruk ny teknologi.
Arbeidsoppgåver
- Skape gode dagar for den enkelte bebuar iht dennes ressurser og interesser
- Ivaretaking av den enkelte bebuar sitt behov i eit livsløpsperspektiv
- Målretta miljøarbeid og helseoppfølging hjå bebuarane
- Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere bebuars heilskaplege tilstand
- Samarbeid med pårørande
- Samarbeid med kollegaer, fastlege, ergo/fysio, sjukeheim, spesialisthelsetenesta m.m.
Kvalifikasjonar
- Me søkjer primært deg med ein helsefagleg utdanning, men andre kan også søkje.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Norsk kunnskap nivå B2.
- Har førarkort klasse B for Manuelt gir
Personlege eigenskapar
- Bidra aktivt til et positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
- Løysingsorientert
- Evne til å skape gode relasjonar til bebuarar, pårørande og andre samarbeidspartnerar
- Er fleksibel og strukturera
- Kan jobbe både sjølvstendig og i team
- Erfaring frå helse og omsorgsarbeid.
- Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli vektlagt
Me kan tilby
- Løn etter gjeldande tariff
- God opplæring og oppfylgjing som nytilsett
- Fagleg rettleiing og kompetanseheving
- Gode velferdsordningar med tilbod om bading og trening i kommunale anlegg
- Aktivitetskort (personaltrim)
Krav om politiattest til stillinga.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
- Sted
- Vinjevegen 212, 3890 Vinje
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- FINN-kode
- 339576653
- Sist endret
- 28. feb. 2024 03:01