Stillingar på Øystre Slidre helsetun- sjukepleiarar og helsefagarbeidarar
- Arbeidsgiver
- Øystre Slidre kommune
- Stillingstittel
- Stillingar på Øystre Slidre helsetun- sjukepleiarar og helsefagarbeidarar
- Frist
- 03.03.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du motivert, fagleg dyktig og ønskjer å jobbe i moderne lokale? Vi søkjer sjukepleiarar og helsefagarbeidarar til stillingar i Førebygging og meistring og i Institusjon.
Vi held til i nye og moderne lokale på Øystre Slidre helsetun, og velferdsteknologi er eit satsingsområde. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet.
Institusjonstenestene består av 2 langtidsavdelingar, institusjonskjøken samt natt. Førebygging og meistring består av heimeteneste, korttid/rehab og omsorgsbustader.
Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre. Vi gjev tilleggsansiennitet til sjukepleiarar.
Vi har to-delt turnus for dei som jobbar på dagtid.
Ledige faste stillingar:
Smørkøll (korttid/avlastning):
- Sjukepleiarstilling på 80,10%
heimetenesta og bustad:
- Sjukepleiarstillingar på 100%, 85,09%, 80,05 og 85,09 %
Institusjon:
- Natt: Sjukepleiar på 26,76% og 75,82%
- Midthøgde (langtid): Sjukepleiar på 90,08 og 71,30%
- Juvike (demens): helsefagarbeider på 79,46 %
Det er også ledige helgestillingar, og vi søkjer etter tilkallingsvikarar. Det kan bli fleire ledige stillingar.
Arbeidsoppgåver
- Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument
- Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsrehabilitering
- Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
- Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg
Kvalifikasjonar
- Utdanning og autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar
- Studentar kan bli vurdert til stillingane
- Personar med interesse for, og erfaring frå, faget kan bli vurdert til helgestillingane
- Gode norskkunnskapar
- Sertifikat i klasse B til stillingar i heimetenesta
- Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4
Personlege eigenskapar
- Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert
- Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar
- Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Tilleggsansiennitet for sjukepleiarar
- Nødvendig opplæring og rettleiing
- Kompetanseheving
- Opplæring i fagsystem
- Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP
Kontaktinformasjon
Ingrid Nordli, Tenesteleiar institusjonstenester, 95940309Gina Kvale Myreng, Tenesteleiar førebygging og meistring, +47 90525192
Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4766427580
Stillingsprosent: 100, 85,09, 80,1, 80,05, 26,76, 75,82, 90,08, 71,3, 79,46%
Fast
Søknadsfrist: 03.03.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 10
- Sted
- Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 339914488
- Sist endret
- 28. feb. 2024 02:59