Bid Manager

Arbeidsgiver
Ulstein Power & Control AS
Stillingstittel
Bid Manager
Frist
12.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ønsker du å bli ein del av eit dyktig og engasjert team?

Ulstein Power & Control arbeider med fleire innovative grøne løysingar og system innan power og automasjon. Vi har ein langsiktig horisont med fleire signerte kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag, og gler oss over mykje aktivitet.
Vi er på jakt etter en Bid Manager som ønsker å bidra til å vidareutvikle salsavdelinga i selskapet, og du vert ein del av eit framoverlent og dyktig team. Stillinga rapporterer til Sales Manager.



Ansvar og arbeidsoppgåver

Som Bid Manager vil du få eit ansvar for å leie og organisere kalkulasjonsarbeidet. Stillinga har ein viktig funksjon i selskapet, der du vil ha direkte kontakt med eksterne kundar og leverandørar. I salsfasen er du bindeleddet mellom sal, teknisk og juridisk avdeling, og du vert ein aktiv medspelar i arbeidet med utviklinga av framtidig produktportefølje.

Andre relevante arbeidsoppgåver er å;

- utarbeide kalkylar og kvalitetssikre kostnader gjennom salsprosessen
- utarbeide salsdokumentasjon og kontraktsforslag
- delta i forhandlingar med kundar og leverandørar
- foreta «handover» til organisasjonen etter kontraktsignering

Ønska kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vi ønsker å komme i kontakt med deg som har erfaring og bakgrunn innan elektro. Du har ein god forståing og interesse for skips elektrosystem, og brenn for kontinuerlig forbetring og å finne dei gode løysingane.
Videre ser vi for oss at du;
- ser moglegheiter for forbetringar av eksisterande prosessar og rutinar
- er resultatorientert og trivst med lagarbeid for å nå felles mål
- er strukturert, fremoverlent og nysgjerrig

Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass

- Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
- Eit fagmiljø som vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
- Konkurransedyktige lønnsvilkår, ordna arbeidsforhold, god pensjonsordning og gode forsikringsordningar.

Arbeidsstad vil vera ved kontoret vårt i Ulsteinvik. Vi tilbyr god fleksibilitet og har også eit kontor i Breivika, Ålesund, som kan nyttast.

I hjartet av Sunnmøre

Ulsteinvik er ein flott plass i hjartet av Sunnmøre. Omkransa av holmar, skjer og hav med moglegheit for padling, surfing og fisking og i tillegg fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski.Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, sandstrender, klivrehall, restaurantar og butikkar. Og berre ein liten times reise til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane.

For meir informasjon, ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgiverne

Kontaktinformasjon

Marita Stakkestad Hanstveit, Rekrutteringspartner HAMNØY AS, +4745253909

Jan Tore Hamnøy,, Rekrutteringsparner HAMNØY AS, +47 411 02 200

Arbeidsstad

Osnesvegen 110

6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Power & Control AS



Referansenr.: 4767754068

Stillingsprosent: 100%

Fast


Sektor
Privat
Sted
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse, Salg, Innkjøp/forhandling
FINN-kode
339919631
Sist endret
15. juli 2024 09:41