Inaktiv

Helsefagarbeidar fast 66% Rus- og psykiske helsetenester Utsikten

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Rus og psykiske helsetenester
Frist
05.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Omtale av stillinga 

Rus- og psykiske helsetenester søkjer etter helsefagarbeidar fast i turnus. Arbeid kvar 3.helg.  

Arbeidsstad på Valen, Utsikten Bufellesskap. 

Som tilsett ved Rus og psykisk helsetenester skal ein arbeide ut frå eit recoveryperspektiv. Dette inneberer å ha fokus på ressursar, meistring, likeverd og fleksibilitet. Ein skal bistå brukarane i å nå eigne mål for ein betre kvardag med meining og meistring. 

 Tilsetting 15.april 2024. 

 

Kvalifikasjonar 

- Autorisasjon som helsefagarbeidar 

- Erfaringskompetanse innan psykiatri vil vere eit føremon. 

- Førarkort klasse B. 

 

Personelge eigenskapar 

- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.  

- Du må vere fleksibel og løysningsorientert. 

- Du må ha gode kunnskaper i norsk skriftleg og munnleg. 

- Du må vere over 18 år. 

 

 Ved tilsetjing vert det lagt vekt på personelge eigenskapar og relevant arbeidserfaring. 

Oppmodar menn til søkja til å søkja stillinga. 

 Vi ber og om at du oppgir mobiltelefonnr. og e-postadresse i søknaden din. 

 

Vi tilbyr 

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. 

Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. 

Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd. 

Gode arbeidstilhøve. 

Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar. 

 

Søknad vert å senda 

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).  

Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje  

skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta  

offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje  

søknaden din. 

 Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert. 

 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §  

10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
339923485
Sist endret
28. feb. 2024 02:59