Barne- og ungdomsarbeidarar i grunnskulen
- Arbeidsgiver
- Kvinnherad kommune Sektor oppvekst
- Frist
- 04.03.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Omtale av stillinga
Kvinnherad kommune søkjer etter barne- og ungdomsarbeidarar ved fleire av skulane. Vi er på jakt etter engasjerte og fagleg dyktige personar som ynskjer å bidra til lærelyst og godt skulemiljø! Kvinnherad kommune har stort fokus på samarbeid for eit godt og trygt miljø for elevar, der alle jobbar saman for å skape ein god oppvekst. Vi vil at elevane skal møte ei opplæring som gir meistring, lyst til å lære, og som ruster dei for ei framtid i stadig utvikling. Det er behov for barne- og ungdomsarbeidarar ved fleire barne- og ungdomsskular. Som søkjar må du skriva om du søkjer på ein bestemt skule, eller om du vil stå på søkjarlista til fleire skular. Det kan verte ledige stillingar på andre skular, òg. Ta kontakt direkte med skulane dersom du har spørsmål.
Malmanger skule
Kjersti Berge,
tlf 415 57 425
Skarveland skule og SFO
Anne-Grethe K Berge,
tlf 938 95 748
Åkra skule og SFO
Bjørn Rune Bergane,
tlf 994 28 732
Hatlestrand heildagsskule
Lilli Britt Urheim,
tlf, 924 44 514
Husnes ungdomsskule
Hjørdis Østerbø,
tlf 989 04 019
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og støtte av barn/enkeltelevar/grupper
- Utviklingsarbeid i samsvar med overordna planar
- Delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar/opplegg i samråd med pedagog
- Aktivitetar utanfor arbeidsplassen, til dømes ekskursjonar og turar
- Personleg stell og tunge løft kan inngå i stillinga
- SFO
Kvalifikasjonar
- Ynskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning
- Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge
Personlege eigenskapar
- Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge
- Er lærevillig og utviklingsorientert
- Bør ha gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, barn, foreldre/føresette med respekt og forståing
- Er positiv, lojal og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Generell god helse
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 340067603
- Sist endret
- 28. feb. 2024 02:57