Fysioterapeut- 50% driftsavtale
- Arbeidsgiver
- Øystre Slidre kommune
- Stillingstittel
- Fysioterapeut- 50% driftsavtale
- Frist
- 08.03.2024
Beskrivelse
Øystre Slidre kommune har ledig 50% stilling som fysioterapeut med driftsavtale. Det er moglegheit for å arbeide meir enn den utlyste stillinga ved klinikken. Stillinga er ledig frå 01.06.2024. Stillinga med driftstilskot har også ein rett til ytterlegare 30% når ein av fysioterapeutane går av med pensjon.
Stillinga med driftstilskot er lokalisert ved Øystre Slidre Fysioterapi på Heggenes, sentralt i kommunen. Klinikken består av 2 fysioterapeutar med driftsavtale; ei stilling på 87,5% og ei på 30%. Øystre Slidre fysioterapi deler eit godt utstyrt treningsrom med Frisklivssentralen som er i same lokale. I same bygg ligg legekontoret. Næraste nabo er Øystre Slidre helsetun – der den kommunale fysio- og ergoterapitenesta har base. Fysioterapiinstituttet er godt etablert med god pasienttilgang.
Arbeidsoppgåver
- Utøve allmenn fysioterapi i samsvar med kommunen sine gjeldande prioriteringar
- Ved behov skal brukarar få tilbod om fysioterapi i sin eigen heim/på sin arena
- Delta i tverrfagleg samarbeid og på samarbeidsmøter med fysioterapeutar og andre samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- Fysioterapeut med norsk autorisasjon
- Ønskeleg med fysioterapiretta vidareutdanning og/eller mastergrad i nevrologi er ein fordel
- Kompetanse og erfaring innan allmenn fysioterapi er ein fordel
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid
- God kunnskap om lov om kommunale helse- og omsorgstenester og annan relevant helselovgiving
- God kunnskap om ASA 4313 og Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar med kommunal driftsavtale
- Førarkort
Personlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
- Evne til å jobbe sjølvstendig, imøtekomande og empatisk i møte med pasientar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Fagleg trygg, audmjuk og åpen for din rolle i tverrfagleg samarbeid
- Fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver og endringar
- Fagleg engasjert og motivert for kontinuerleg oppdatering og utvikling
- Ynskje å bidra til utvikling av fysioterapitenesta i kommunen
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø i ein liten gruppepraksis
- Tett samarbeid med kommunal fysio- og ergoterapiteneste
- Godt opparbeida pasienttilgang
Intervju er planlagt gjennomført utført i veke 12
Driftsavtala blir regulert av den til ei kvar tid gjeldande ASA 4313.
Praksisen skal drivast etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester, Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeuter med kommunal driftsavtale, ASA 4313 og kommunen sitt planverk for helse- og omsorgstenester.
Det er krav om politiattest som ikkje er eldre enn tre månader i samsvar med helsepersonell loven §20A fyrste ledd
Kontaktinformasjon
Marie Bjørneseth Storrusten, Avdelingsleiar, 93230895Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4770089756
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 10.03.2024
- Sted
- Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Fysioterapeut, Sykepleier
- FINN-kode
- 340417965
- Sist endret
- 28. feb. 2024 02:52