Inaktiv

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
10.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Det er ledig fast stilling på 100% for helsefagarbeidar i 2. etasje ved Vaksdal sjukeheim/Ressurssenter for personar med demens. Stillinga har 76,53 % i fast turnus og resterande 23,47% er i timebank.

Turnus har arbeid kvar 3. helg. 

Avdelinga har 15 langtidsplassar for personar med demens. Du arbeider tett på pasientane og vert ein del av eit dyktig arbeidsteam. I teamet er det både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidarar, der alle har brukarane i fokus. 

Me er oppteken av personsentrert omsorg og har lagt vekk på musikkterpautisk tilnærming inn mot demenssjukdomen. 


Arbeidsoppgåver
  • Utføra heilskapleg omsorg og pleie til pasientar med ulike hjelpebehov
  • Medisinhandsaming 
  • Medisinsk oppfølging ut frå kompetansenivå 
  • Miljøterapi, tilrettelegge for god livskavalitet og aktivisering
  • Rettleie elevar og lærlingar
  • Delta i aktivitetar med pasientar
  • Arbeid etter primærteam 
  • Kontakt og samarbeid med pårørande 

Krav til kompetanse
  • Helsefagarbeidar 
  • Personar som samlar timar og er på veg til å ta fagbrev vil bli prioriterte 
  • Ynskjeleg med erfaring frå arbeid med personar med demens 
  • Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing 

Vi oppfordrar fast tilsette som ynskjer stillingsauke om å søkje. 


Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjonsevner 
  • Likar å jobbe sjølvstendig i eit travelt miljø med varierte arbeidsoppgåver og å ta ansvar på vakter 
  • Er god på samarbeid og ser arbeidsgruppa som eit team. Evnar å bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima mellom tilsette, pasientar og pårørande  
  • Påliteleg og stabil, samt løysingsorientert og positiv  
  • Generelt gode datakunnskapar 
  • Evnar å sjå heilskapen mellom dei ulike avdelingane og arbeidet som vert gjort  
  • Vere trygg i deg sjølv og kunne takle endringar og uføreseielege hendingar  

Personlege eigenskapar vert vektlagt, særskilt evne til å arbeide sjølvstendig og å vera fagleg trygg.


Vaksdal kommune kan tilby
  • Me har godt arbeidsmiljø, dyktige folk i tenesta og gode ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving 
  • Me gjev uteljing på lønn for relevant vidareutdanning 
  • Hos oss får du faglege og personlege utfordringar, og du får moglegheit til å utvikle deg saman med oss 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Individuell oppfølging 
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk 

Sektor
Offentlig
Sted
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
340431421
Sist endret
28. feb. 2024 02:51