Undervisningsstillingar skuleåret 2024/2025 5-10.trinn
- Arbeidsgiver
- Vaksdal kommune
- Stillingstittel
- Undervisningsstillingar skuleåret 2024/2025 5-10.trinn
- Frist
- 17.03.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Elevane våre fortener dyktige og engasjerte lærarar. Viss du er ein av dei, så ynskjer Vaksdalskulen deg som søkjar til ledige undervisningsstillingar, vikariat og/eller faste, frå august 2024. Både heiltid- og deltidsstillingar kan bli aktuelt.
For enkelte stillingar kan det verta aktuelt med tidlegare tilsetjingstidspunkt.
Rekrutteringa startar i løpet av mars og vil halde fram fram til skulestart.
Arbeidsstad
Vaksdal kommune har 5 skular; 2 kombinert skule (1-10) og 3 barneskular (1-7), som du kan få nærare opplysningar hjå:
Stanghelle skule: Rektor Kari Vaksdal Faugstad - Tlf. 922 20 416
Vaksdal skule: Rektor Agnetha Olsen Brekkhus- Tlf. 975 8 0059
Dale skule : Rektor Magnar Helland - Tlf. 488 80 331
Stamnes oppveksttun: Rektor Line Eide Vik - Tlf. 915 13 114
Eksingedalen oppveksttun: Rektor Liv Anne Bergo - Tlf. 976 53 458
Set gjerne opp ein bestemt skule dersom du har ein preferanse og om du har høve til å starte før inneverande skuleår er omme.
Vi ynskjer å tilsetje stabile, positive, velkvalifiserte og dyktige lærarar som
- er tydelege klasseleiarar og har evne til å skapa gode relasjonar
- set eleven sitt beste i sentrum
- vektlegg tilpassa opplæring
- har god læreplanforståing og vurderingspraksis
- har gode samarbeidsevner
- er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar
- har godt humør
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi oppmodar menn til å søkja.
Dei som skal tilsetjast må leggja fram tilfredsstillande politiattest. Desse må leverast snarast etter eventuelt tilbod om tilsetjing og før tiltreding.
Krav til kompetanse
- Godkjent undervisningskompetanse (allmennlærar/grunnskulelærar)
- God digital kompetanse
- Krava til kompetanse på ungdomstrinnet for å undervise i norsk, matematikk og engelsk er 60 studiepoeng. I dei fleste andre fag er kravet 30 studiepoeng. Det er ynskjeleg med lærarar som har brei undervisningskompetanse.
- Søkjarar med anna relevant utdanning/erfaring kan ved behov bli vurderte
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Arbeidsplassar kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientert står i fokus
- Spanande og utfordrande stillingar
- Gode og kvalifiserte fagmiljø
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du
Elektronisk søknad. Klikk på "Søk stillinga" og følg vidare instruksjonar.
Kontaktperson
Direkte til ein av rektorane eller til:
Jill Bru Johansen, Einingsleiar skule
Mobil: 45376534, jill.johansen@vaksdal.kommune.no
Ann Kristin Bolstad, Kommunalsjef Oppvekst
Mobil: 977 59 760, ann.kristin.bolstad@vaksdal.kommune.no
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Ledelse
- FINN-kode
- 340853410
- Sist endret
- 28. feb. 2024 02:44