Sjukepleiar/vernepleiar
- Arbeidsgiver
- Avrusing rusbehandling TSB Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/vernepleiar
- Frist
- 05.03.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Vi har ledig vikariat 100% stilling for sjukepleiar/vernepleiar ved Avrusning rusbehandling TSB Ålesund, med oppstart frå snarast.
Seksjon for avrusing tilbyr både planlagde og rusakutte innleggingar og har 17 døgnplassar. Seksjonen er døgnbemanna. Fagmiljøet er tverrfagleg og inkluderer mellom anna psykiater, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionomar.
Byen vår! Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Sjå her for meir informasjon!
Oppstart frå snarast eller etter avtale. Stillinga inneber f.t. 2-delt vaktturnus med arbeid kvar fjerde helg, med to hinkehelger per kalenderår.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefaglege-/vernepleiefaglege oppgåver - medikamenthandtering
- Deltaking i tverrfagleg team
- Koordineringsansvar og individuell oppfølging av pasientar
- Aktiv bidragsytar i miljøterapeutiske aktivitetar
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar/vernepleiar
- Ønskjeleg med relevant erfaring
- Førarkort klasse B - manuell gir
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, nytenkande og endringsorientert
- Du er sjølvstendig, men med evne til å samarbeide godt i team
- Du er fleksibel og kan handtere hektiske arbeidsdagar
- Du har god skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.
Kontaktinformasjon
Astrid Birgitte Aakernes, Seksjonsleiar, +47 70171389, Astrid.Birgitte.Aakernes@helse-mr.noArbeidsstad
Vestmoa 276018 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4770488811
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 21.01.2025
Søknadsfrist: 05.03.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Vestmoa 27, 6018 Ålesund
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 341015839
- Sist endret
- 28. feb. 2024 02:43