Inaktiv

Assistent

Arbeidsgiver
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald, Helse Bergen
Stillingstittel
Assistent
Frist
05.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Hospitaldrift Reinhald har ledig følgande stillingar:

*  3 x 100% fast stillinger
*  2 x 100% vikariat frå 19.03.24 til 31.12.24
*  2 x 15% faste helgestillingar (kvar 3. helg)

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og ca. 750 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane.

Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 350 tilsette. Våre hovudoppgåver er regelmessig reinhald, hovudreingjering, smittevask og vask/reiing av senger.

Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.

Våre tilsette jobbar i team og dei fleste har variasjon i sitt daglege arbeid. Eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer skapar trivsel mellom våre tilsette.



Arbeidsoppgåver

  • Arbeidoppgåver vil hovudsakleg vere utføring av regelmessig reinhald, smittevask samt andre reinhaldsoppgåver
  • Søkarar må pårekne å jobbe turnus. At søkar er tilgjengeleg for arbeid på kveld og helg er viktig

Kvalifikasjonar

  • Vi søker etter personar med interesse for og gjerne erfaring frå reinhaldsfaget, til dømes gjennom arbeid ved helseinstitusjon, i hotell- og sørvisnæringa eller frå kurs- og konferansedrift
  • Det vil bli stilt krav til gode norskkunnskapar
  • Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er av stor interesse
  • Full opplæring vil bli gitt i forhold til arbeidsoppgåvene

Personlege eigenskapar

  • Sørvisinnstilt, fleksibel og kvalitetsbevisst
  • Gode samarbeidsevner
  • Kunne jobbe både i team og sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst, strukturert og punktleg
  • Kunne utføre og trivast med eit arbeid som til tider kan vere fysisk krevjande

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Kurs- og utviklingsmoglegheiter
  • Bedriftsidrettslag
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein veldriven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

 

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Eva Blom Rolfsvaag, Seksjonsleiar, 55978417

Katrine Lefdalsnes, Einingsleiar, 55972105

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4771548742

Stillingsprosent: 100, 15,02%

Vikariat, Fast

Startdato: 19.03.2024

Sluttdato: 31.12.2024

Søknadsfrist: 05.03.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
7
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Renhold, Annet
FINN-kode
341107346
Sist endret
28. feb. 2024 02:41