Inaktiv

Helgestilling heimesjukepleie

Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Stillingstittel
Helgestilling heimesjukepleie
Frist
31.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Vi har ved heimetenesta fleire ledige faste helgestillingar, og ynskjer å snakke med deg som ser verdien i å jobbe med mennesker som treng di hjelpande hand. Stillingane passar utmerka ved sidan av studier, og er ein ypperleg moglegheit for å få god erfaring som er nyttig å ha med seg vidare i arbeidslivet. Om du tykkjer dette høyres spanande ut, så ynskjer vi å snakke meir med deg.


Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere
  • Stell og pleie med fokus på kvardagsmeistring 
  • Medisinsk oppfølging ut frå kompetanse 
  • Kontakt og samarbeid med pårørande 
  • Andre relevante oppgåver 

Krav til kompetanse
  • Helsefagarbeidar, eller anna relevant helsefagleg fagbrev 
  • Pleiemedarbeidar/søkjarar utan formell kompetanse kan også bli vurdert 
  • Krav om godkjend politiattest 
  • Må ha førarkort klasse B 

 


Personlege eigenskapar
  • Du likar å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter 
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og evnar å samarbeide i eit tverrfagleg perspektiv. Evnar å sjå heilskapen mellom dei ulike avdelingane og arbeidet som vert gjort 
  • Du er fagleg trygg, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode 
  • Du er påliteleg, stabil og løysingsorientert, med stor evne til gjennomføring 
  • Har generelt gode datakunnskapar 
  • Likar du i tillegg travle dagar og å arbeide kunnskapsbasert, så er du kanskje interessert? 

Personlege eigenskapar vert vektlagt, særskilt evne til å arbeide sjølvstendig og å vera fagleg trygg.  


Vaksdal kommune kan tilby
  • Vi har godt arbeidsmiljø, dyktige folk i tenesta og gode ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving 
  • Vi gjev uteljing på lønn for relevant vidareutdanning 
  • Hos oss får du faglege og personlege utfordringar, og du får moglegheit til å utvikle deg saman med oss 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Individuell oppfølging 
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk 

Sektor
Offentlig
Sted
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
341773630
Sist endret
28. feb. 2024 02:30