Tilkallingsvikar- Barnehage

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Tilkallingsvikar- Barnehage
Frist
31.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga

Dei kommunale barnehagane på Osterøy søkjer engasjerte og fleksible tilkallingsvikarar.

Som vikar i barnehage er du viktig for barna og kollegaene dine. Vi treng deg som er ein trygg vaksen, som kan engasjere deg i leiken til barna og leggje til rette for god leik og gode aktivitetar - både ute og inne!

På ein vanleg arbeidsdag er det nokre praktiske oppgåver som også må gjerast.

I barnehagen er vi ute i all slags vær og synast det er kjekt!


Vi tilbyr
  • at du får bli ein del av eit godt arbeidsmiljø!
  • du får opplæring og rettleiing i barnehagen du skal arbeide
  • ein personleg og fagleg utviklande jobb. Barna er ulike og vi utviklar oss både personleg og fagleg for å møte deira behov
  • løn etter gjeldande avtaleverk.
  • Er du høgskulestudent i pedagogiske fag får du tilbod om lønsauke etter fullført 2. året!
  • du får ein variert arbeidsdag med mykje kjekke kollegaer!

Sjå gjerne video frå Osterøy kommune her om du vil bli betre kjent med oss:


Kvalifikasjonskrav

Me ser etter deg som først og fremst ikkje kvir deg for å møte ei utfordring og som raskt set deg inn i nye arbeidsoppgåver eller nye arbeidsmiljø. Vi ønskjer at du skal ta initiativ og vise engasjement i arbeidet ditt.
Du bør snakke og forstå norsk godt då det er mykje sosialt arbeid.

Du må leggje fram politiattest dersom du får tilbod om stilling hjå oss. Politiattesten kan ikkje vere eldre enn 3 månadar, og den må vere heimla i barnehagelova §30.

Vi ser at det er ein fordel om du har arbeida i barnehage eller med barn og unge før, men dette er absolutt ikkje eit krav. Hos oss er du velkomen til å prøve og du vil gå god støtte og hjelp av kollegaer uavhengig av bakgrunn.


Verkar dette interessant?

Vi har både behov for vikarar som kan starte å arbeide snarast, men det vil og vere behov som gjerne oppstår etter ei tid.

Om du ønskjer å arbeide mykje eller lite og i ein eller fleire barnehagar kan vi bli einige om utfrå kva behova er til dei ulike barnehagane. Ta gjerne kontakt med koordinator for vikarpoolen vår ved å søkje på denne utlysinga, fortel kven du er og kvifor du har lyst til å arbeide i barnehage, så avtalar de ein tid for samtale og vegen vidare.


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
10
Sted
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehageassistent, Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
342075802
Sist endret
07. juni 2024 08:25