Psykiatrisk sjukepleiar

Arbeidsgiver
Alderspsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Psykiatrisk sjukepleiar
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ynskjer du å vere med å utvikle fagfeltet alderspsykiatri saman med oss?
Vi har ledig 85% fast stilling ved alderspsykiatrisk døgnpost for psykiatrisk/geriatrisk sjukepleiar, med f.t todelt turnus og arbeid kvar 3. helg. Oppstart frå snarast.
Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli ledige.

Alderspsykiatri i Helse Møre og Romsdal er organisert i to alderspsykiatriske seksjonar (APS). Den eine lokalisert ved Hjelset (Molde), og den andre ved sjukehuset i Ålesund. Kvar seksjon består av poliklinikk og døgnpost. Alderspsykiatri Sunnmøre er samlokalisert med øvrig sjukehuspsykiatri.
Det pågår eit spanande arbeid i fagfeltet for å utvikle ein framtidsretta alderspsykiatri. APS Sunnmøre er tverrfagleg samansett av legespesialistar, lege i spesialisering, psykolog, ergoterapeut, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar og merkantile ressursar.

Ved døgnpost og poliklinikk utgreier og behandlar ein pasientar i målgruppa:

  • Personar med alvorleg psykisk sjukdom med debut etter fylte 65 år.
  • Personar med demenssjukdom og med alvorlege nevropsykiatriske symptom (NPS), der alder er av mindre relevans.
  • Personar med alvorleg psykisk sjukdom frå før fylte 65 år, der somatisk sjukdom eller andre aldersrelaterte årsakar gjer alderspsykiatri tenleg.

Det er godt samarbeid mellom poliklinikk og døgnpost ved seksjonen, samarbeidande instansar i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV.



Arbeidsoppgåver

  • Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
  • Delta aktivt i seksjonen si utvikling, følgje kompetansehevingstiltak, halde seg oppdatert på seksjonens rutinar og prosedyrar
  • Ansvarsvakt med dei oppgåver og ansvar det inneber
  • Dokumentasjon - pasientinformasjon
  • Mottak av nye pasientar

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar med vidareutdanning i psykiatri eller geriatri
  • Ønskjeleg med relevant erfaring
  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar og fagleg engasjement vert vektlagt
  • Inneha gode samarbeidsevner og evner til å jobbe sjølvstendig
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Medvirke til godt psykososialt arbeidsmiljø
  • Godt humør
  • Stor arbeidskapasitet/arbeidshelse - fysisk og psykisk eigna til stillinga
  • Relasjonsbyggjar

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Byen vår! Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan óg oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Pamela Riise Loe, Seksjonsleiar, 70167400, Pamela.Riise.Loe@helse-mr.no

Arbeidssted

Ålesund sykehus

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4770105266

Stillingsprosent: 85%

Fast

Søknadsfrist: 21.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Ålesund sykehus, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
342085445
Sist endret
30. juli 2024 12:42