Fagradiograf MR

Arbeidsgiver
Radiologisk seksjon FSS, Helse Førde
Stillingstittel
Fagradiograf MR
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du fagleg engasjert og interessert i MR, samt opptatt av kvalitet og utvikling? Ønskjer du å bidra til å vidareutvikle MR tilbodet i seksjonen?
Ønskjer du fast jobb midt i flott vestlandsnatur med kort veg til fjell og hav, og på same tid ha tilgang på kafear, konsertar og butikkar?

  • Vi har ledig 100% fast stilling som Fagradiograf MR ved Førde sentralsjukehus.

Stillinga er ei dagstilling (37,5 t/veke), men om ønskjeleg kan ein avtale nokre seinvakter på MR i arbeidsplanen. Fagradiograf MR samarbeider med Radiograf 1 MR kring utføring av arbeidsoppgåver. Det ligg ikkje personalansvar knytt til stillinga.

Seksjonen i Førde har stort fokus på kvalitet, og jobbar aktivt for god pasientflyt og fagleg utvikling. Vi set trivsel høgt og er ein arbeidsplass med flotte kollegaer og mykje humor. Seksjonen har omlag 50 tilsette, der 31 er radiografar. Vi har 2 MR-maskiner (Philips Ingenia 1,5T (2016) og Ingenia Elition X 3T (2022) ), 2 CT-maskiner, 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat, 2 mammografiapparat (klinisk og screening), gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat.

Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområda. Sjå www.helse-forde.no .

Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og er den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Her er flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg kun ein tre timars køyretur sørover. Førde er eit handelssentrum med stort utval butikkar, samt gode tilbod innan kultur (konsertar, arrangement, kunst m.m.). Innan friluftsliv er det nærast uendelege moglegheiter. Vi ligg midt i flott vestlandsnatur omkransa av fjord og fjell, samt kort veg til kysten og havet. Tilhøva for fjellturar, langrenn, alpint, toppturar, kajakkpadling, fisking, sykling, klatring m.m. er mange og varierte.



Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre undersøkingar
  • Samarbeide med andre einingar og profesjonar
  • Utarbeide, tilpasse, optimalisere og revidere protokollar, prosedyrer, retningslinjer,
    informasjon m.m. innan MR
  • Gjennomføre undervisning og rettleie personale
  • Ta del ved innkjøp av utstyr, ha kontakt med leverandørar og Medisinskteknisk avdeling
  • Kvalitets- og utviklingsarbeid innanfor fagfeltet MR

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som radiograf
  • Meistre norsk godt både skrifteleg og munnleg.
  • Det er ønskjeleg med evne til god skriftleg framstilling på nynorsk
  • Minimum 3 års erfaring frå arbeid med MR
  • Utvida kompetanse og erfaring innan MR
  • Det er ønskjeleg med kompetanse og erfaring innan systematisk helse-, miljø- og
    tryggleiksarbeid.
  • Det er ønskjeleg at søkjar har vidareutdanning innan MR. Eventuelt må søkjar forplikte seg til å
    gjennomføre denne etter tilsetjing
  • God kunnskap i bruk av Office

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjert og interessert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Initiativrik og handlekraftig
  • Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
  • Arbeider godt i team
  • Fleksibel

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktig løn etter gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hyggeleg arbeidsmiljø
  • Fagleg utfordring og utvikling
  • Tilpassa opplæring
  • Arbeid i IA-bedrift

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Reidun Brekke, Seksjonsleiar FSS, 578 39 616

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4787838840

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 11.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Radiograf, Sykepleier
FINN-kode
346675766
Sist endret
01. juli 2024 10:12