Oppdrag som støttekontakt, fritidskontakt eller avlastar

Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Stillingstittel
Oppdrag som støttekontakt, fritidskontakt eller avlastar
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Selvstendig næringsdrivende

Beskrivelse

Vil du være med å gjere ein forskjell for barn/unge? Søk om å bli fritidskontakt/støttekontakt/avlastar!

Tysnes Kommune har fleire ledige oppdrag som støttekontakt og avlastar for barn og unge. Teneste støttekontakt og avlastning kan gis til barn, ungdom eller vaksne som treng støtte og hjelp til å ha ei aktiv og meiningsfull fritid grunna fysiske, psykiske eller sosiale utfordringar. Avlastning kan t.d. gis i tilfelle der familiar har behov for støtte i ein krevjande kvardag.

Me søkjer deg som liker å vere saman med andre menneske og har evne til å ta initiativ til aktivitetar. Du kan vere elev, student, uføretrygda, pensjonist eller i jobb. Det viktigaste er at du ønskjer å bidra til at barn/unge får ein trygg, aktiv og meiningsfull kvardag.

Det er behov for fritidskontakt/støttekontakt til oppdrag på 2-4 timar i veka
(ettermiddag), og avlastar på helg (1 helg i månaden) for barn/unge. Det vil vere ulike behov for oppdragstakarar til ei kvar tid. Me tilstreber
å koble tenestemottakar og oppdragstakar med felles interesser.

Oppdraga varierer i omfang.

Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.

Har du spørsmål, eller lurer på om dette kan vere noko for deg - ta gjerne kontakt!

Ved å trykke "søk på stillinga" kjem du til eit kontaktskjema på nettsida vår - registrer kontaktinformasjon her, så tek me ein prat om dette kan være noko for deg!



Arbeidsoppgåver

  • Vere eit positivt og trygt medmenneske
  • Gi assistanse, støtte og oppfølging på fritida
  • Bidra til at personar med ulike utfordringar får ei meiningsfull fritid
  • Eksempel på aktivitetar kan være kino, kafèbesøk, turar eller deltaking på andre fritidsaktivitetar, leik og moro.
  • Aktivitetar avhenger av behov og interesse hos tenestemottakar

Kvalifikasjonar

Det blir ikkje stilt særskilt krav til fagutdanning, men det blir lagt stor vekt på personleg eignahet.

  • Politiattest ikkje eldre enn 3 månader må framleggas før inngåing av oppdragsavtale.
  • Søkjar må være over 18 år.
  • Det er ønskjelege med førarkort.

Personlege eigenskapar

  • du liker å tilbringe tid saman med barn/unge
  • evne til å være til stade, lytte, skape tillit og samarbeid
  • er ansvarsfull og pliktoppfyllande
  • du er fleksibel og løysingsorientert
  • liker å arbeide sjølvstendig
  • du må være punktleg og ha stabilt oppmøte

Me tilbyr

  • Eit meiningsfylt og gjevande oppdrag der du har moglegheit til å utgjere ein forskjell for andre.
  • Rettleiing ved behov.
  • Oppdraget blir godtgjort per time (etter KS sine satsar).
  • I tillegg blir det gitt fast utgiftsdekning.
  • Tilsetting skjer i henhald til gjeldande lover, regler og tariffavtaler.
  • Oppdragsavtalar vil bli inngått fortløpande etter behov.

Kontaktinformasjon

Hilde Marie Flakke, Rådgjevar helse og omsorg, 99 36 36 46, hilde.marie.flakke@tysnes.kommune.no

Arbeidssted

Rådhuset

5685 UGGDAL

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Tysnes kommune



Referansenr.: 4797052944

Stillingsprosent: 5%

Anna


Sted
Rådhuset, 5685 Uggdal
Stillingsfunksjon
Annet, Omsorg og sosialt arbeid, Helsepersonell
FINN-kode
347716787
Sist endret
31. mai 2024 11:57