Selje/Hasletunet , Volda Omsorgssenter har 100 % fast st for sjukepleiar
- Arbeidsgiver
- Volda kommune, Institusjonsteneste
- Stillingstittel
- Selje/Hasletunet, Volda Omsorgssenter har 100 % fast st for sjukepleiar
- Frist
- 04.08.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi søker etter initiativrike og engasjerte sjukepleiarar som er interessert i å arbeide med eldreomsorg og
er opptatt av å yte tenester av høg kvalitet. Autorisert vernepleiar kan og søke.
Vi søker etter deg som synest det
er spennande å samarbeide breitt fagleg med dei andre faggruppene på
arbeidsstaden. Vi arbeider miljø retta, der du i møte med bebuar er det
viktigaste verktøyet, og med deg sjølv som verktøy kan du bidra til ein
meiningsfylt kvardag for bebuar og pårørande.
Vi har ledig 100 % fast stilling
på langtidsavdeling for demente på Volda Omsorgssenter, vi har eit ønske om
snarleg oppstart, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er
nyutdanna eller har mange års erfaring
Arbeidsoppgåver
Utøve helse- og omsorgstenester til bebuarar i tråd med gjeldande krav til kvalitet.
Dokumentasjonsarbeid i elektronisk journalsystem.
Medikamenthandtering og medisinske prosedyrar.
Omsorg ved livets slutt.
Tett pårørande samarbeid.
Rettleiing av kollega, studentar og elevar.
Arbeide etter kvalitetsreforma "Leve heile livet"
Fokus på aktivitet og sosialisering.
Kvalifikasjonar
Du er autorisert sjukepleiar eller vernepleiar, oppgje HPR nr i søknaden.
Du har erfaring med målretta miljøarbeid i team.
Vi forutsett gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg (helst Norsktest nivå B2) . Kun søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skrifteleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkerar med eit skandinavisk språk som morsmål.
Det skal leggast fram tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd , før oppstart i stillinga.
Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose og MRSA.
Personlege eigenskapar
Du er medmenneske med evne til å skape tryggleik og ro, også i krevjande situasjonar.
Du er fagleg engasjert, positiv og sett bebuar i sentrum.
Du er ansvarsbevisst, løysingsorientert ,fleksibel og likar utfordringar.
Du er fagleg oppdatert og er opptatt av å dele di kompetanse med kollegaer.
Du har lyst til å bidra til utvikling.
Du er lojal til arbeidsoppgåver, rammer og slutningar som er tatt i seksjonen.
Du har fagleg forståing om den geriatriske pasienten og lovverk knytt til personar med demens.
Du ynskjer å vere delaktig i å utvikle "morgondagens sjukeheim".
Personleg eignaheit vil verte vektlagt.
Vi tilbyr
Lønn og arbeidsvilkår etter avtale
Utfordrande , varierte og spennande oppgåver på ein flott arbeidsplass.
Engasjerte og hyggelege kollegaer.
Eit ope, aktivt og tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø.
Tilrettelegging for etter-/vidareutdanning om ein ynskjer det.
Regelmessig internundervisning.
Gode pensjons og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Institusjon, 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.noMerve Ekip, Seksjonsleiar Selje-/Hasletunet, 96014461, merve.ekip@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 26100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4793773957
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.08.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Barstadmarka 2, 6100 Volda
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 347743959
- Sist endret
- 26. juni 2024 09:28