Inaktiv
Helgestilling
- Arbeidsgiver
- Gulen kommune
- Stillingstittel
- Sone BBD. Tilsetjing sjukepleiar helgestilling, frå snarast - 31.12.24
- Frist
- Snarest
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Om stillinga
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Personlege eigenskapar
Anna
Gulen kommune, for tida ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD), har ledig helgestilling, i inntil 20% vikariat, frå snarast til 31.12.24. Stillinga er knytt til avdeling Brekke.
Vi søkjer deg som er helsefagarbeidar, sjukepleiar og/eller vernepleiar. Andre kan også søkje og verte vurdert for tilsetjing dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar.
Kommunen har ekstra tillegg på helg - ei ordning som skal evaluerast hausten 2024.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar. Andre utan utdanning kan også søkje og verte vurdert dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar.
- Førarkort klasse B
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Kommunen har innført ekstra tillegg på helg - ei ordning som skal evaluerast hausten 2024
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest.
- Søkjarar som etter utfylling av eigenerklæring vert pålagt å teste seg for MRSA/TBC, må framlegge negativ test før oppstart.
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 348676164
- Sist endret
- 19. juni 2024 09:20