Sjukepleiar, 100% svangerskapsvikariat, heimetenesta Halsnøy, 2. gongsutlysning
- Arbeidsgiver
- Kvinnherad kommune Halsnøytunet
- Stillingstittel
- Sjukepleiar i heimetenesta Halsnøy, 2. gongsutlysning
- Frist
- 11.08.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Omtale av stillinga
Heimetenesta er ein spanande arbeidsstad med mange og varierte utfordringar. Vi har eit godt og pulserande arbeidsmiljø. Vi er gode på internundervisning med fokus på faglig oppdatering. No søkjer vi etter sjukepleiar i 100% stilling. Stillinga er eit vikariat med moglegheit for fast stilling etter vikarperioden. Arbeidet inneber turnus dag/kveld med arbeid kvar 3. helg. Oppmøtestad Halsnøy. Vikariatet er gjeldande for perioden 15.07.2024-15.08.2025.
Arbeidsoppgåver
- Ordinære arbeidsoppgåver i heimetenesta
- Sjukepleiefaglege prosedyrar og observasjonar
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
Det vert stilt krav om autorisasjon som sjukepleiar. Om me ikkje får kvalifiserte sjukepleiarar, kan ein vurdere å tilsetje helsefagarbeidar i vikariat.
- Søkjar må ha sertifikat klasse B.
- Det er ein fordel, men ikkje eit krav, om du kan vise til erfaring eller utdanning innan eit eller fleire av desse fagområda: omsorgsteknologi, eldre med alvorlig svikt i vitale funksjonar/akuttsjukepleie i kommunane, kvardagsrehabilitering, demens/geriatri, lunge/kols, gastro/stomi, ernæring, smittevern.
Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning.
Personlege eigenskaper
Du må vera fleksibel og løysingsorientert
- Ha gode evner til kommunikasjon og til å motivere andre
- Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre
- Du må ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
- Gratis SFO
- Maksprisar i barnehage
- Inga eigedomsskatt
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 349284346
- Sist endret
- 11. juli 2024 11:23