Inaktiv

Søker BPA-assistent for sprek mann

Arbeidsgiver
Prima Assistanse avdeling Møre og Romsdal
Stillingstittel
BPA assistent
Frist
Snarest

Beskrivelse

Vi søkjer etter brukarstyrt personleg assistent (40%) til ein brukar med fysisk funksjonshemming. Stillinga er fordelt slik, 0800-1100 måndagar og fredagar og 0800-1500 onsdagar.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidet er allsidig og variert, og består av personleg og praktisk bistand i daglege gjeremål. Brukaren treng også bistand ved fritidsaktivitetar. Det er brukar som er arbeidsleiar i ordninga.

Kvalifikasjonar:

· Det er ikkje krav om formell utdanning, men ynskjeleg med relevant erfaring

· Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting

· Gjerne vere litt praktisk, både for arbeid ute og inne.

· Gjerne sertifikat klasse B


Den som vert tilsett må vere påliteleg, allsidig, fleksibel og ha evne til å arbeide sjølvstendig. Personlege eigenskapar vert avgjerdande i tilsettinga.


Opplæring vert gitt av arbeidsleiar, og det er også høve til å delta på opplæringskurs. Tilsette får tilbod om rettleiing.

Sted
6153 Ørsta
Stillingsfunksjon
Annet, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
349728592
Sist endret
26. juni 2024 06:19