Ledig stilling
- Arbeidsgiver
- Lærdal kommune Sogn LMS og helse
- Stillingstittel
- 100% fast som sjukepleiar/paramedic ved Sogn lokalmedisinske senter
- Frist
- 31.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling. I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Me kan nemna Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Lærdal kommune har ledig stilling 100% fast stilling som sjukepleiar/paramedic ved Sogn lokalmedisinske senter. Stillinga vil vera i tredelt turnus, med arbeid kvar fjerde helg.
Sogn lokalmedisinske senter (Sogn LMS) har ansvar for legevaktformidling (legevaktstelefon) for kommunane i Sogn (Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Aurland og Lærdal).
Me er også legevakt for kommunane i Indre Sogn (Aurland, Årdal og Lærdal).
Krav til utdanning:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller utdanning som paramedic
- Det er krav om kurs i akuttmedisin, vald og overgrep for sjukepleiarar som jobbar på legevaktsentralen. Dersom du ikkje har desse kursa, vil du få det ved tilsetjing
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Vidare ynskjer me søkjarar med god norsk forståing
- God formidlingsevne
- Gode IKT-kunnskapar
Arbeidsoppgåver:
- Legevaktoperatør for kommunane i Sogn.
- Legevaktsamarbeid i form av å bistå vakthavande lege med blodprøvetaking, EKG, assistere ved sying, sårstell m.m
- Rettleia pasientar/innringarar over telefon og videokonsultasjon
Arbeidstid:
Dei tilsette jobbar tredelt turnus, med langvakter på 12 timar kvar fjerde helg. Nattevaktene er 10 timar i vekedagar og 11 timar på helg.
Krav om politiattest, jf. Lov om helsetenester.
Me tilbyr:
- Ein spanande og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Aktuelle kurs vert gitt ved oppstart i stillinga
Lærdal kan by på:
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1.klassingar, gratis deltids-SFO heilt til 3.klasse
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit vel av friluftsmoglegheiter; fiske, jakt, utsiktsturar, toppturar til ski og til fots mm.
- Eit rikt kulturliv med mange små og store arrangement gjennom året, som Lærdalsmarknaden, Jordeplerock, Kom heimatt, Rakafisk-VM, motbakke- og terrengløp mm.
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 350172982
- Sist endret
- 25. nov. 2024 09:08