Sjukepleiar/vernepleiar 100 % fast stilling

Arbeidsgiver
Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleier - 100% fast stilling
Frist
04.08.2024

Beskrivelse

Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar ved Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS), på avdelinga for personar med demens (Buas institusjon)
Stillinga er ledig frå dags dato og inneber turnusarbeid dag/kveld med arbeid kvar 3. helg.

Er dette noko for deg eller nokon du kjenner? Då håper vi at du sender oss ein søknad!

Helsefagarbeidar kan også verte vurdert dersom det ikkje er søkera som sjukepeleiar/vernepleiar.

Buas institusjon( demensavdeling) har 18 plassar fordelt over 3 bufellesskap.
Det er mange dyktige og fagleg engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø, og vi samarbeidar på tvers av avdelingar ved behov.

På BUAS er det totalt 60 plassar fordelt på 4 avdelingar. Det er 2 avdelingar for demente, 2 avdelingar med heildøgns omsorg (leiligheter)der det også er nokre langtids institusjonsplassar. På omsorgssenteret er det også korttidsrehab avdeling og 1 KAD plass som er organisert under heimetenestene.



Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, prioritere og gje god sjukepleie til pasientar
  • Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis
  • Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid
  • Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande

Kvalifikasjonar

  • Du må gjerne ha erfaring frå å jobbe med pasientar med demens sjukdom. Ellers vert det gitt opplæring
  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar. Helsefagarbeidar kan også verte vurdert dersom det ikkje er søkera som sjukepeleiar/vernepleiar.
  • Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
  • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
  • Evne til å halde seg fagleg oppdatert
  • Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer

Personlege eigenskapar

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Vere strukturert og løysingsorientert
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Vise fagleg engasjement
  • Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
  • Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.

Kontaktinformasjon

Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218 , wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 16

6230 SYKKYLVEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune



Referansenr.: 4806342121

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sted
Haugneset 16, 6230 Sykkylven
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
350337366
Sist endret
01. juli 2024 11:56