Inaktiv

Overlegar mamma/endokrinkirurgi og urologi - mulighet for turnusordning

Arbeidsgiver
Kirurgiske legar Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Overlegar mamma/endokrinkirurgi og urologi - moglegheit for turnusordning!
Frist
31.10.2024

Beskrivelse

Kan du tenkje deg å bli ein del av vårt team ved kirurgisk avdeling Ålesund?

Vi driv aktivt med forskning, 3 overlegar og 1 LIS har doktorgrad. Vi er den største kirurgiske avdelinga i HMR og har mellom anna ansvar for kar- og mamma endokrinkirurgi samt nyrekirurgi for heile fylket. Det utførast colorectalkirurgi med ca 50 operasjonar for cancer recti og ca 120 for ca coli per år.
Innanfor urologi opererer vi dagkirurgi, alle typar transuretral kirurg(TURP,TURB, nyre og ureterstein), nyrecancer.

Vi er på kirurgisk avdeling Ålesund sjukehus pt 15 overlegar, 11 LIS 2/3 og 14 LIS 1. Vi har 3 urologar, 2 uroterapeutar og har plass til endå fleire i teamet vårt!

Det opererast ca 250 brystkrefttilfeller i året.

Innanfor mamma/endokrinkirurgi har vi ansvar for alle pasientane i Møre og Romsdal. Vi utfører alle typar diagnostikk og opererer alle typar mammakirurgi inkludert onkoplastikk- då saman med plastikk kirurg som kjem frå Molde.

Vi utgreier  tyroidea/paratyroideasjukdom og behandlar benigne tilstandar, cancer er sentralisert til St Olavs Hospital.

Stillingane er ledig omgående, men startdato kan avtalast. Det er mogelegheit for turnusordning med intensiv arbeidsområde etterfulgt av friperiode.

Ålesund sjukehus ligg omkransa av flott natur, fjord og fjell. Ålesund kan tilby urbant og rikt kulturliv med festivalar og konsertar. Vi har nærleik til ekstreme naturopplevingar både sommar og vinter, som toppturar i Sunnmørsalpane og padling i havgapet. Du kan lese meir om regionen vår på Visit Ålesund og sunnmøre 


Arbeidsoppgåver

  • Du må ta del i alle arbeidsoppgåvene i seksjonen såvel som poliklinikk, sengepostarbeide, dagkirurgi og operasjonsaktivitet og papirarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Søkjarane må beherske nordisk språk skriftleg og muntleg
  • Det må foreligge norsk godkjenning av spesialitet 
  • Urologi: det er ønskeleg med erfaring i robotkirurgi

Personlege eigenskapar

  • Personleg egnaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Valborg A. Bakke, Seksjonsleiar / Kirurgiske legar, +47 70105167, Valborg.Anita.Bakke@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4802564148

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 31.10.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Overlege
FINN-kode
350357425
Sist endret
16. sep. 2024 06:57