Inaktiv

Maskinsjef i sambandet Aukra-Hollingsholmen, f.t. MF Norangsfjord

Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Stillingstittel
Maskinsjef i sambandet Aukra-Hollingsholmen, f.t. MF Norangsfjord
Frist
04.07.2024

Beskrivelse

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!


Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef i sambandet Aukra-Hollingsholmen, på vår flotte el-ferge MF Norangsfjord.

MF Norangsfjord er bygd i 2009, men blei i 2019 ombygd frå dieselmekanisk til hybridelektrisk framdrift.

Turnus: 2 veker på og 2 veker av.

Søkjar bør bu lokalt. Oppstart etter avtale.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!



Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
  • Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
  • Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
  • Sørge for opplæring av personell under si leiing
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonar

  • M3- sertifikat
  • Høgspentkurs
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Allsidig erfaring som maskinsjef

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Turnus: 2 veker på og 2 veker av

Kontaktinformasjon

Grete Ryland Grotle, Bemanningskoordinator, +47 90118425

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS



Referansenr.: 4810655222

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.07.2024


Sted
6480 Aukra
Stillingsfunksjon
Ledelse, Teknisk personell, Annet
FINN-kode
351821860
Sist endret
25. juni 2024 01:21