Er du sjukepleiarstudent og ønskjer jobb og stipend?

Arbeidsgiver
Haugesund sjukehus 
Stillingstittel
2. års sjukepleiestudent
Frist
30.06.2025

Beskrivelse

Kombiner studiet med ein lærerik jobb og få stipend i tillegg.

Hos oss får du lære mykje om sjukepleie i eit godt miljø med kjekke kollegaer. Som sjukepleierstudent kan du søke om helge- og feriestilling ved eitt av våre sjukehus. Du får både løn, fagleg utvikling og stipend.

Som 2. års sjukepleiarstudent kan du frå januar 2025 inngå avtale med Helse Fonna HF der du får eit stipend på kroner 20.000.  Stipendet er skattepliktig og blir utbetalt i månadlege rater. Beløpet blir forholdsmessig redusert dersom avtaleperioden er kortare enn 1 år.

Stipendet får du dersom du inngår kontrakt på å arbeide minimum 7 helger mellom januar 2025 til august 2025, samt 5 veker i sommarperioden 2025. To av dei 7 arbeidshelgene skal inngå i sommarperioden.

Skriv i søknaden kva avdeling du helst vil jobbe ved og kva praksisplassar du har hatt i løpet av studietida:

  • Kirurgisk klinikk
  • Medisinsk klinikk
  • Klinikk for psykisk helsevern

Kvalifiserte søkjarar blir tilsett fortløpande. 👉 Søk no!


Arbeidsoppgåver

  • Delta i behandling og pleie av pasientar
  • Du vil vera ein del av det tverrfaglege teamet i einingane og samarbeide med kollegaer om arbeidsoppgaver
  • Arbeidsoppgåver vil enten vere i kirurgisk, medisinsk eller psykiatrisk eining.

Kvalifikasjonar

  • Du er 2. års sjukepleiarstudent,
  • Studentbekreftelse må foreligge ved oppstart
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • har eit godt lag med folk
  • bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • held roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
  • kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer 

Hos oss kan du få

  • Ein unik moglegheit til å praktisere faget ditt i eit trygt miljø der du er omgitt av dyktige fagpersonar døgnet rundt.
  • Eit godt innblikk i spesialisthelsetenesta, noko som er nyttig uansett kor du vel å arbeide i framtida.
  • Utvikle breidda i sjukepleiarfaget i eit spennande, utviklande og dynamisk miljø.

Kontaktinformasjon

Kitty Elise Lind Fremmersvik, kitty.elise.lind.fremmersvik@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4811609416

Stillingsprosent: 20%

Anna

Søknadsfrist: 30.06.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
15
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
352129499
Sist endret
13. jan. 2025 12:43