Overlege psykiatri
- Arbeidsgiver
- Akutt psykisk helse Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Overlege psykiatri
- Frist
- 30.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du psykiater, eller snart ferdig med spesialiseringa, og på utkikk etter nye utfordringer? Då kan det vere verdt å stoppe opp her!
Vi har ledig stilling som overlege/ psykiater ved Avdeling for sykehuspsykiatri Sunnmøre - Seksjon for Akutt psykisk helse frå 26.08.2024.
Seksjon Akutt psykisk helse Ålesund er delt i to team, Team A og Team B som samarbeider tett. Team A er psykiatrisk mottak ved Ålesund sjukehus og team B har en subakutt funksjon. Vi er no i ein prosess med å få samla Akuttpostane i ei eining og i nye lokaler, og det vil då ikkje vere oppdelt i to team slik som per i dag. Det er utarbeida planer for korleis denne seksjonen skal vere, og vi går inn i en spennande prosess med å få samla fagmiljøet og bygge opp ei sterk akutteining her i avdelinga.
Akutt psykisk helse Ålesund har 4 overlegestillingar fordelt på de to teama. Team B, som denne stillinga er knytta til, har allereie ein svært dyktig overlege hos oss, men ho treng ein ny kollega. Seksjonen tilbyr oppstart av behandling i akutte fasar av alvorleg psykisk sjukdom. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet.
Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre inneheld forøvrig 6 seksjonar: Akutt psykisk helse Team A og Team B, som kvar har 6 senger, Lokal sikkerhetspsykiatri HMR, Utgreiing og behandling, Alderspsykiatri og Spesialisert habilitering.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling/ stabilisering av menneske i akutt krise
- Fagleg utviklingsarbeid, undervisning, rettleiing og tverrfagleg samarbeid
- Individualterapi og pårørandesamtalar
- Deltaking i vaktordning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent norsk spesialitet innan psykiatri
- LIS som nærmar seg fullført spesialisering kan også vere aktuell for stillinga
- Erfaring frå arbeid innan vaksenpsykiatri
- Ønskjeleg at med brei klinisk erfaring, eksempelvis innan psykisk helsevern, og/eller rusfeltet og arbeidserfaring frå sengepostar innan vaksenpsykiatrien
- Må meistre norsk både skriftleg og munnleg godt
Personlege eigenskapar
- Du er ein person som er nytenkjande og endringsorientert
- Du har gode evner til å kommunisere, både med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du er ein miljøskapar der det faglege og sosiale miljøet kan vekse og utviklast
- Du er ein lagspelar, men sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
- Du har evne til å tåle stress og stå i krevende situasjoner
- Du har evne til å samarbeide på tvers av ulike fagmiljøer
- Du har interesse for forbetringsarbeid og forsking innan akuttpsykiatri
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Tilskudd til flytting etter gjeldande retningslinje
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her
Kontaktinformasjon
Erik Sletten Helgesen, Seksjonsleiar, 99327739, erik.sletten.helgesen@helse-mr.noArbeidssted
Ålesund sjukehus6026 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4715741445
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund
- Stillingsfunksjon
- Lege, Lege / Overlege, Helsepersonell
- FINN-kode
- 352160101
- Sist endret
- 21. aug. 2024 12:04