Me søkjer pedagogisk leiar i Kåreviksmarka FUS barnehage
- Arbeidsgiver
- Kårevikmarka FUS barnehage as
- Frist
- 02.06.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Kåreviksmarka FUS barnehage opna i 2004, og ligg i Kåreviksmarka, like ved Heiane. Me har flotte naturområder i nærmiljøet, som skog og sjø.
Me hentar mykje inspirasjon frå Reggio Emilia-filosofien og har eit positivt barnesyn. Det inneber at me ser på barnet som unikt og kompetent. Personalet støtter barnet i utviklinga ved å vere medundrande og medforskande ved mellom anna å stilla spørsmål i staden for å gje svar. Personalet i barnehagen ser på barnet som likeverdig. Me meinar barn kan og klarar, og at meininga deira tel.
Me har ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.08.24
Søknadsfrist 02.juni 2024.
Me søker deg som:
- Har barnehagelærarutdanning frå høgskule.
- Er glødande, skapande og tilstadeverande på arbeid.
- Kan bidra til å nå barnehagens mål og jobba strukturert med barnehagens satsingsområder.
- Vil vera en bidragsytar til barnehagens faglege innhald.
- Er eit godt førebilete og er bevisst på dine eigne haldningar og handlingar.
- Har ei positiv instilling og er løysingsorientert.
- Evner å samarbeida med ulike mennesker.
- Er genuint interessert i leik og læring gjennom opplevingar og aktivitetar.
- Likar å vera i fagleg utvikling og personleg utvikling, og trivest med å arbeida mot kontinuerleg forbetring.
- Likar å vera ute, og delta i mange ulike aktivitetar.
Det vil bli krevd politiattest ved tilsetting.
Opplysningar om stillinga: Ta kontakt med Randi Sævareid 91 66 99 90.
Krav til kompetanse:
- Utdanning: Barnehagelærar
- Kompetanse: 3-årig høgskuleutdanning –barnehagelærarutdanninga
- Sektor
- Privat
- Sted
- 5412 Stord
- Stillingsfunksjon
- Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer, Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 353267620
- Sist endret
- 16. mai 2024 10:21