Inaktiv
Sjukepleiar 100% vikariat
- Arbeidsgiver
- Vestre Slidre kommune
- Stillingstittel
- Sjukepleiar 100% vikariat
- Frist
- 30.05.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Vi har ledig vikariat i 100 % stilling som autorisert sjukepleiar. 60 % ved Kriminalomsorgen innlandet, avd. lavere sikkerhet, Valdres (Slidreøya), og 40 % i heimetenesta med arbeid kvar 6. helg. Vikariatet er ledig frå 01.09.24 - 01.09.25.
Om du tenker at dette er ei spanande stilling, så er det berre å søkje!
Arbeidsoppgåver
- Stell og pleie i heimetenesta
- Medikamentadministrasjon i begge avdelingar
- Pasientoppfølging i begge avdelingar
- Koordinere helsetenestar for innsette i fengsel
- Samarbeid med Slidre legesenter og fengselslege
- Tverrfagleg samarbeid med kriminalomsorgen
Kvalifikasjonar
- Off. godkjent sjukepleiar, gjerne med tilleggskompetanse til dømes innan psykiatri eller ha tilsvarande erfaring og bakgrunn
- Førarkort klasse B.
- Gyldig politiattest må leverast
Personlege eigenskapar
- Ha stor arbeidskapasitet
- Vera ein god lyttar
- Vera god på å kommunisere
- Kunne arbeide sjølvstendig
- Ha gode samarbeidsevner på tvers av faggrupper, ikkje minst i høve til dei tilsette i fengselet
- Vera generelt flink med folk
- Kunne arbeide på ulike datasystem
Personleg egnaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
Vi kan tilby:
- Eit godt, triveleg og utfordrande arbeidsmiljø
- Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
- Løn etter avtale
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Hanne Kårstad, Avdelingsleiar, +47 97592703Arbeidsstad
Slidrevegen 162966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 4805490474
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 30.05.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Slidrevegen 16, 2966 Slidre
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 353267892
- Sist endret
- 16. mai 2024 10:46