Ynskjer du og arbeida som fagarbeidar?
- Arbeidsgiver
- Voss herad Bygg og eigedom
- Stillingstittel
- Voss herad søkjer tømrar, røyrleggjar og malar
- Frist
- 13.06.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Om arbeidsstaden
Voss Herad si bygg og eigedomsavdeling gjennomfører drift og vedlikehald av alle kommunale bygg og bustader. Me er også ansvarleg for alle nye byggjeprosjekt.
Me søkjer etter:
- Tømrar, røyrleggar og malar
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Me ynskjer ein person med:
- fagbrev
- relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande yrkesutdanning
- førarkort i klasse B, gjerne BE
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- grunnleggande datakunnskapar
- gode evner til kommunikasjon og samarbeid, serviceinnstilling, fleksibilitet, sjølvstende og godt humør
- praksis og gode referansar blir vektlagt
Arbeidsoppgåver:
- drifta og vedlikehalda eigedommane systematisk og effektivt
- gjennomføra og følgja opp planlagde vedlikehaldsoppgåver
- følgja opp service- og rammeavtalar, og sjå til at innleigd arbeid vert utført i tråd med beskriving/kontrakt
- sikra gode brukaropplevingar, og at eigedommane er så godt vedlikehaldne som mogleg
- vere ein god lagspelar og relasjonsbyggar både i avdelinga og med brukarane
- sikra at heradet sin HMS standard vert følgt og rapportera avvik
- sikre at innmelde saker frå brukarane vert løyst raskt og smidig
- andre oppgåver kan verta tillagt stillinga av leiar
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me
oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Uttrågata 9, 5700 Voss
- Stillingsfunksjon
- Håndverker / Snekker/Tømrer, Håndverker, Annet
- FINN-kode
- 353267913
- Sist endret
- 16. mai 2024 06:49