Inaktiv

Vi søkjer etter deg som er sjukepleiar eller vernepleiar!

Arbeidsgiver
Akuttpsykiatrisk post Haugesund, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar
Frist
30.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer etter ein engasjert og kompetent sjukepleiar eller vernepleiar til vår akuttpsykiatriske avdeling ved Haugesund sjukehus. Avdelinga er ein lukka eining som har ansvar for akutt hjelp til psykisk sjuke individ frå ei brei variasjon av bakgrunnar og utfordringar. Vårt mål er å sikre at dei som står overfor ein krise får den nødvendige omsorga og behandlinga på ein trygg og forsvarleg måte.

Denne faste stillinga er på fulltid, med ein todelt turnus som inkluderer dag- og kveldsarbeid, samt arbeid kvar tredje helg. Det er mogleg å tilrettelegge stillingsprosenten eller turnusordninga for å finne ei løysing som passar for deg.

Interessert eller har spørsmål? Vi høyrer gjerne frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapeutisk behandling
  • Medikamenthandtering
  • Somatiske undersøkingar- og oppfølgjing
  • Delta på tverrfaglege behandlingsmøter
  • Kontakt med pårørande og barn som pårørande, kommune og andre samarbeidspartnerar
  • Delta på obligatoriske treningar i MAP.
  • Bidra til fagutvikling i eininga

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
  • Fordel med vidareutdanning innan fagområde psykisk helsearbeid og rus.
  • Ynskjeleg med kjennskap til, og fortrinnsvis praksis, innan relevant fagområde.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
  • Personleg eignaheit vert vektlagt.

Hos oss er det viktig at du

  • Har et fagleg engasjement.
  • Har evne til å arbeide godt i team
  • Er fleksibel
  • Trivst med å arbeide i tverrfaglege team.
  • Er tilpassingsdyktig og kan takla stressande situasjonar med ro og faglege haldningar.
  • Har interesse for arbeid med personar med alvorleg psykisk liding i akutt fase er ein føresetnad.

Vi tilbyr

  • Ein spennande arbeidsplass med brei tverrfagleg kompetanse innan psykisk helsevern.
  • Ei erfaren personalgruppe og fast ansatte spesialistar.
  • Ei avdeling i nye, moderne lokale, samlokalisert med somatisk akuttmottak, og som aktivt samarbeider med andre avdelingar på sjukehuset og innan psykisk helsevern.
  • Moglegheiter for rettleiing/undervisning og å bidra til fagutvikling.
  • Løn etter avtale.
  • Høve til rask oppstart.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift).
  • Konkurransedyktige pensjonsordningar. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og forsikring på tenestereiser.

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Jonas Kirkhus, Funksjonsleiar - Akuttpsykiatrisk post, +47 41863999

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4815190301
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.05.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
353298511
Sist endret
21. mai 2024 06:06