Inaktiv

Helsefagarbeidar eller barne og ungdomsarbeidar

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Solbakken
Frist
26.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Me søker:

Vil du vera med å gjera ein skilnad for andre? Me har no ledig eit vikariat på 62% på natt i perioden 01.08.24 til 31.08.25

Om eininga:

Tilrettelagde tenester gjev tenester etter vedtak heimla i helse- og omsorgstenestelova; Bistand i heim og i bufellesskap med heildøgnstenester, avlasting, støttekontakt samt dagtilbod ved Gnisten arbeid og aktivitetssenter. Eininga kjøper også tenester som dagtilbod og BPA. Det er 4 avdelingar i tilrettelagde tenester. Tre av desse er heildøgns-bemanna bufellesskap, der ein og har ansvar for miljøarbeid og praktisk bistand til private bustader utanom bufellesskapa.

Eining tilrettelagde tenester gjev målretta miljøarbeid. Tenestene er personleg, sosialt og fysisk tilpassa enkeltmenneske sitt behov. Formålet er å fremje personleg vekst og utvikling, eigenmeistring og deltaking på lik linje med andre i samfunnet.

Solbakken:

Solbakken er eit heildøgnsbemanna bufellesskap for menneske med psykisk utviklingshemming. Avdelinga har nye lokale og ligg sentralt i Ølen. Arbeidet består i å gje praktisk hjelp og bistand etter vedtak/tiltak etter brukaranes behov. Me er svært oppteken av brukarmedvirkning, kompetanse og interesse for faget.

Hovudarbeidsoppgåver:

Arbeidet består i å gje praktisk hjelp og bistand etter vedtak/tiltak etter brukaranes behov. Fagarbeidar arbeider i team med assistentar og miljøterapeutar. Arbeidet er turnus med våkande nattevakter og arbeid 3 kvar helg.

Kvalifikasjonar:

Me søkjer etter personar med autorisasjon som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar. Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming er ynskjeleg.

Personlege eigenskapar:

Me søkjer deg som har:

  • Evne til samarbeid
  • Evne til å ta imot og gje rettleiing
  • Evne til refleksjon
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Positiv innstilling til brukarar og arbeidsplass
  • Fleksibilitet

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt arbeidsmiljø
  • Helgeavtale-> meir løn for antal helgetimar du arbeidar
  • Fokus på den enkelte me er he for og for tenesta i heilhet
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Gratis parkering
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Annet
FINN-kode
354207961
Sist endret
11. juni 2024 04:39