Tilkallingsvikar/Ferievikar ved psykisk helseteneste

Arbeidsgiver
Årdal kommune
Frist
19.08.2024

Beskrivelse

Psykisk helseteneste i Årdal kommune søkjer etter tilkallingsvikarar/ferievikarar frå hausten av (medio august).

Psykisk helseteneste er lokalisert på Årdalstangen i Tangevegen 14. Her har me bustader med tilknytt døgnbemanning, lågterskel dagtilbod, ambulerande tenester og samtaletilbod.

Kvalifikasjonskrav:

  • Personar med helse og sosialfagleg høgskule utdanning, gjerne studentar innan desse studieretningane
  • Helsefagarbeidarar
  • Personar med erfaring frå tilsvarande arbeid.
  • Førarkort klasse B
  • Gyldig politiattest

I vår teneste set me pris på at du har:

  • Evne til å bygge relasjonar og tillit
  • Høg arbeidskapasitet og stor fleksibilitet
  • Gode samarbeidsevner, men også at du kan jobbe sjølvstendig
  • Interesse for menneske og er utforskande

Grunna arbeidets art vil det verte særleg vektlagt at ein er tilgjengeleg og fleksibel i høve når ein har høve til å jobbe.

For å sikre stabilitet vil det verte vektlagt at ein har høve til å vere tilgjengeleg som vikar over lengre tid framover og at ein kan forplikte seg til feriar.

Me tilbyr:

  • Høve til å delta i utviklinga av ei spennande teneste
  • Høve til å bygge kompetanse og erfaring innan fagområdet
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø og samarbeid med dyktige kollegaer med lang erfaring
  • Løn etter kommunalt regulativ
  • Turnus med vakter på 12 timar natt/dag.

Lønn og tilsettingsvilkår

Stillinga er løna etter utdanning og kvalifikasjonar etter HTA.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Søkjarar vert forløpande vurdert.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sted
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Annet
FINN-kode
354210407
Sist endret
18. juni 2024 08:44