Helsefagarbeidar/hjelpepleiar

Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost NSH, Helse Førde
Stillingstittel
Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Frist
08.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du helsefagarbeidar eller hjelpepleiar? Har du lyst å jobbe på sjukehus? Vi kan hjelpe deg med å få draumen oppfylt!

Vi har ledig stillingar:

  • 100 % fast stilling som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
  • 20 % fast stilling som helsefagarbeidar/hjelpepleiar

Medisinsk sengepost er ein heildøgns sengepost med totalt 16 senger, inkludert 3 overvakingssenger.
Nordfjord sjukehus er lokalsjukehus for Nordfjord-regionen, og tek i mot det meste av augeblikkeleg hjelp frå dette området.



Arbeidsoppgåver

  • Ivareta pasientar sine grunnleggande behov i høve pleie, omsorg og aktivitet
  • Mottak av pasientar og kartlegging av hjelpebehov
  • Observasjon og måling av kliniske parametrar
  • Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal
  • Bidra til rettleiing for helsefaglærlingar og elevar
  • Samarbeid med andre faggrupper på sengeposten
  • Oppfølging av daglege rutiner i sengeposten
  • Todelt turnus med jobb kvar tredje helg

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
  • Erfaring frå sjukehus er ein fordel
  • Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og er interessert i å bidra til at pasientane får ei best mogeleg oppfølging under innlegginga
  • Du kommuniserer godt med pasientar og pårørande
  • Du samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Du likar å arbeide i spennande og gjerne krevjande situasjonar
  • Du trivst i arbeid som krev at du må halde deg fagleg oppdatert, og finne løysingar på korleis ein kan utvikle faget
  • Du er god til å sjå kva som skal gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp

Vi tilbyr

  • Ein spennande, utfordrande og fagleg utviklande jobb
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Ida Kristin Skålbones, Einingsleiar, (+47) 977 02 704

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 14

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4818037541

Stillingsprosent: 100, 20%

Fast

Startdato: 10.06.2024

Søknadsfrist: 08.09.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
354213474
Sist endret
23. aug. 2024 06:35