Inaktiv

Dagleg leiar for IKT Nordfjord

Arbeidsgiver
Stad kommune
Stillingstittel
Dagleg leiar for IKT Nordfjord
Frist
01.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med å vidareutvikle kommunesektoren i ein spanande region?

IKT Nordfjord er eit kommunalt oppgåvefellesskap mellom kommunane Bremanger, Gloppen, Kinn, Stad og Stryn. Selskapet skal gjennom målretta bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi bidra til utvikling av tenesteproduksjon, publikumsservice og administrative tenester i deltakarkommunane.

Samarbeidet er delt i to einingar: ei strategieining (IKT strategi) og ei driftseining (Nordfjordnett), under leiing av eit representantskap, eit styre og ein dagleg leiar. Samarbeidet har to hovudkontor. Stad kommune er kontorkommune for dagleg leiar og strategieininga. Kinn kommune er kontorkommune for driftseininga. Stad kommune er formell arbeidsgjevar for dagleg leiar, men det utøvande arbeidsgjevaransvaret ligg hjå styret.

Vi søkjer etter ein initiativrik og sjølvstendig person som og er ein motiverande og operativ leiar for IKT-samarbeidet. Inkluderande leiarskap i eit kompetansetungt miljø og fokus på digital utvikling er sentralt for utviklinga av samarbeidet. Gode kommunikasjonseigenskapar og evne til å skape tillit er viktig. Du må vere resultatorientert og kunne arbeide strategisk.

Heile kommunesektoren er i utvikling, noko som og påverkar støttefunksjonane. Det kan såleis bli aktuelt med organisatoriske endringar i oppgåvefellesskapet.



Arbeidsoppgåver

  • Dagleg drift av oppgåvefellesskapet med økonomi- og personalansvar
  • Sakshandsaming for styret
  • Strategi- og utviklingsarbeid
  • Kontakt med samarbeidskommunane og andre samarbeidspartnarar
  • Prosjektleiing og kontraktsoppfølging

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Brei erfaring i bruk og utvikling av IKT-tenester
  • Erfaring frå offentleg verksemd vil vere ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Har gode kommunikasjonsevner
  • Har evne til å skape tillit, skape gode relasjonar og få til samarbeid
  • Har god digital forståing og forståing for samanheng mellom teknologi, organisasjon og menneske
  • Er strategisk, strukturert og målretta i arbeidet
  • Er initiativrik, sjølvstendig og motiverande

Vi tilbyr

  • Ei sentral rolle i utviklinga av ein framtidsretta kommunesektor
  • Ein utviklingsorientert organisasjon
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Konkurransedyktige vilkår - løn etter avtale
  • Flyttegodtgjersle om du vil flytte til kommunen vår

Stad kommune har 6 månader prøvetid. Attestar og vitnemål skal lastast opp saman med søknaden.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Dersom du har spørsmål om utlysninga kan du ta kontakt med Tom Joensen, styreleiar - 47 61 96 41 eller Kristine Dahl, kommunedirektør Stad kommune - 90 53 61 57.

Kontaktinformasjon

Tom Joensen , styreleiar, 47 61 96 41, tom.joensen@bremanger.kommune.no

Kristine Dahl, kommunedirektør, 90 53 61 57, kristine.dahl@stad.kommune.no

Kristin Otneim Aarsnes, stabsleiar strategi og samordning, 99 60 40 80, kristin.otneim.aarsnes@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Rådhusvegen 11

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune



Referansenr.: 4816134087

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid
Stillingsfunksjon
Ledelse, Prosjektledelse, Forretningsutvikling og strategi
FINN-kode
354224010
Sist endret
01. juli 2024 10:13