Teamleiar Elektro
- Arbeidsgiver
- Havyard Leirvik AS
- Frist
- 31.12.2024
Beskrivelse
Tersan Havyard er ein leiande aktør innan skipsbygging og maritim industri, og vi søker no etter ein dyktig og erfaren Teamleiar til vår Elektro avdeling. Du vil ha ansvar for å leie og koordinere arbeidet i avdelinga, og sikre at prosjekt vert gjennomført i tråd med våre høge kvalitetsstandardar.
Arbeidsoppgåver:
- Leie og motivere teamet av elektrikarar.
- Planlegging og gjennomføring av dagleg drift i avdelinga.
- Sikre kvalitet og god HMS.
- Ansvar for at alle prosjekt vert fullførte innan avtalt tidsramme og budsjett.
- Samarbeide tett med andre avdelingar for å sikre ei effektiv prosjektgjennomføring.
- Dialog med kunde/rederi sitt prosjektteam for avklaringar som berører elektroavdelinga.
Kvalifikasjonar:
- Utdanning innan elektro eller automasjon.
- Høgare teknisk utdanning er ynskjeleg. (Manglande formalkompetanse kan kompenserast med riktig erfaring.)
- Gode leiareigenskapar og erfaring med teamleiing.
- Strukturert, nøyaktig og fokus på kvalitet og HMS.
- God kommunikasjon- og samarbeidsevner.
Arbeidsstad er Leirvik i Hyllestad.
Stillinga rapporterer til Vice President Production i Tersan Havyard.
Søknadar vert gjennomgått fortløpande.
For meir informasjon om stillinga ta kontakt med:
VP Production: Tore Bråstad 478 05 406
VP HR: Marita Lavik 975 23 599
Passar ikkje denne stillinga for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Tersan Havyard? Vi er alltid på jakt etter ny og spanande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein open søknad eller ta kontakt med Marita Lavik på tlf: 975 23 599
Les meir om Tersan Havyard her:
https://www.havyard.com
https://tersanshipyard.com/en
Nysgjerrig på Hyllestad, ta ein titt her: https://www.hyllestadinfo.no/
- Sted
- Bøfjordvegen, 6953 Leirvik i Sogn
- Stillingsfunksjon
- Håndverker / Elektriker, Ingeniør, Teknisk personell
- FINN-kode
- 354615190
- Sist endret
- 22. nov. 2024 01:15